Big Bang
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Big Bang ('det store smellet') er ein vitskapleg teori om skapinga av Universet.
Observasjonar av den stadige ekspanjonen til universet, leiar til ein teori om at universet ein gong har vore samla i eitt punkt mindre enn eit atom (ein singularitet). I dette punktet fanst alt i universet i form av energi. Augneblinken der dette byrja å ekspandera i ufatteleg fart, vert kalla det store smellet (the Big Bang). Etter ei relativ kort tid, vart materie (elementærpartikkelar, kvarkar) og tilsvarande antimaterie danna utav energien.