Abdullah II av Jordan
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Abdullah II av Jordan Abdullah ibn al-Hussein (arabisk: عبدالله الثاني بن الحسين), fødd 30. januar 1962) er konge av det hasjemittiske kongeriket Jordan. Han overtok som konge den 7. februar 1999 etter at kong Hussein av Jordan døydde. Kong Abdullah reknar slekta si, hasjemittane, attende til profeten Muhammed.
Han har saman med si kone, dronning Rania, fire barn. Dei fire borna er: prins Hussein (f. 1994), prinsesse Iman (f. 1996), prinsesse Salma (f. 2000) og prins Hashem (f 2005).
Den 28. november 2004 vart kronprinstittelen teken frå broren prins Hamzah. Nokon ny kronprins er enno formelt ikkje utnemnd, men mange reknar med at prins Hussein vil verta kronprins.
[endre] På verdsveven
- Kong Abdullah II offisiell nettstad
- Looksmart - King Abdullah II bin Al Hussein