Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Øvre Eiker er ein kommune i Buskerud fylke. Saman med Nedre Eiker er han ein del av landskapet Eiker. Hokksund er kommunesenter og heimen til rundt halvparten av innbyggjarane i kommunen; andre bur i tettstadene Vestfossen, Skotselv, Ormåsen og Darbu.
[endre] Tusenårsstad
Tusenårsstaden til Øvre Eiker ligg i Hokksund, på austsida av Drammenselva, på den gamle sorenskrivartomta mellom «Hokksund Båt og Camping» og brua. Staden blei offisielt åpna i juni 2005 samtidig med ei stor markering av hundreårsjubileet for unionsoppløysinga. Det er mellom anna sett opp ein eigen skulpturpark her der alle skular i kommunen har laga kvar sin skulptur. På tusenårsstaden er det òg eit museum om Nøstetangen glassverk og eit glassblåseri som har teke opp igjen arva frå det opphavlege glassverket.
[endre] Kjende personar frå Øvre Eiker