Ebooks, Audobooks and Classical Music from Liber Liber
a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z





Web - Amazon

We provide Linux to the World


We support WINRAR [What is this] - [Download .exe file(s) for Windows]

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
SITEMAP
Audiobooks by Valerio Di Stefano: Single Download - Complete Download [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Alphabetical Download  [TAR] [WIM] [ZIP] [RAR] - Download Instructions

Make a donation: IBAN: IT36M0708677020000000008016 - BIC/SWIFT:  ICRAITRRU60 - VALERIO DI STEFANO or
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Tusenårsstad - Wikipedia

Tusenårsstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vardø var tusenårsstad for Finnmark.
Forstørr
Vardø var tusenårsstad for Finnmark.

I samband med markeringa av overgangen til 2000-talet vart det bestemt at fylk og kommunane skulle velje seg ut kvar sin fylkesvise/kommunale tusenårsstad.

Innhaldsliste

[endre] Fylkestusenårsstadene

Utgangspunktet for Kultur- og kyrkjedepartementet, som står bak idéen om tusenårsstadene, var at det skulle vere ein tusenårsstad i kvart fylke, og at disse skulle vere på plass innan år 2005. Dette skulle også vere ein del av markeringa av hundreårsfeiringa for unionsoppløysninga i 1905.

Målet for fylkestusenårsstadene er å bidra til at anlegg, institusjonar, kulturmiljø, naturområde og liknande av stor historisk, kulturell eller miljømessig verdi blir teke vare på og markerte på en serskilt måte.

Avaldsnes kyrkje på Karmøy er ein del av rogalandstusenårsstaden Avaldsnes. (Foto: Christian Bickel)
Forstørr
Avaldsnes kyrkjeKarmøy er ein del av rogalandstusenårsstaden Avaldsnes. (Foto: Christian Bickel)

Tusenårsstadene skal ha ei nasjonal, kulturell og miljømessig betydning som peikar ut over det enkelte fylke. Dette målet seier noko om kva som gjer ein stad til tusenårsstad i fylket og kvifor ein ynskjer å gje staden denne statusen.

Retningslinene for å velje stad vart fastsette av Kultur- og kyrkjedepartementet og det blei også gitt statleg støtte til tusenårsstadene. Det var eit vilkår at staden skulle ha noko ved seg som har betydning for heile nasjonen. Slik vil t.d. høvdingsetet Avaldsnes i Rogaland mellom Nordvegen Historiesenter markere Harald Hårfagre si samling av dei mindre høvding- eller kongerika til eit kongedømme. Eidsvoll 1814 - Rikspolitisk senter på Eidsvoll i Akershus vil markere den demokratiske styringsforma i landet. Stader som Avaldsnes, Eidsvoll og Petter Dass-museet på Alstadhaug er fylkestusenårsstader nettopp fordi dei peikar ut over det lokalsamfunnet og det fylket kor dei er lokaliserte.

Det var to hovudtiltak som staten la vekt på i sin målsetning med tusenårsstadene:

  • Ta vare på
  • Markere

Ta vare på ved å sette i stand bygningar og kulturlandskap, oppgradering og gjere staden lett tilgjengeleg for publikum.

Tusenårsstadene skulle også markerast med eit fysisk tiltak, som til dømes ei minneplate, ein skulptur eller ei bygning. Andre markeringar kunne vere aktivitetar og arrangement.

[endre] Oversikt over fylkestusenårsstadene

Fylke Tusenårsstad heimeside Evt. merknader
Akershus Eidsvoll 1814 Rikspolitisk senter Senterets heimeside
Aust-Agder Nes verk Jernverksmuseets heimeside
Buskerud Hringariki Veien Kulturminnepark Infoside på Ringerike Kommunes heimesider
Finnmark Vardø by
Hedmark Domkirkeodden Hamar Hedmarksmuseets heimeside
Hordaland Hardanger Kunst- og kultursenterets heimeside Sjå Kabuso.
Møre og Romsdal Jugendstilsenteret Senterets heimeside
Nord-Trøndelag Norveg senter for kystkultur og kystnæring Senterets heimeside
Nordland Petter Dass-museet på Alstahaug
Oppland Hundorp, Dale-Gudbrands gard heimeside
Oslo Middelalderbyen Oslo
Rogaland Avaldsnes Informasjonsside på Nordvegen historiesenter
Sogn og Fjordane Tusenårsstaden Gulatinget heimeside
Sør-Trøndelag Sverresborg Trøndelag Folkemuseum Folkemuseets informasjonsside
Telemark Telemarkskanalen Offisiell heimeside
Troms Hålogaland teater Offisiell heimeside
Vest-Agder Lindesnes fyr Offisiell heimeside
Vestfold Midgard historisk senter og Borreparken Offisiell heimeside
Østfold Fredriksten festning Tusenårsstadets heimeside

[endre] Kommunetusenårsstadene

Kommunane vart tildelt 119 500 kroner fra arrangørselskapet Tusenårsskiftet-Norge 2000 AS i økonomisk støtte.

Arrangørselskapet var eit heileigd statsaksjeselskap som hadde som oppgåve å førebu og gjennomføre markeringa av nytt årtusen og hundreårsjubiléet for unionsoppløysninga i 1905.

[endre] Bakgrunnsstoff

  • Bokmålswikipediaen finst ein fin oversikt over kommunetusenårsstadene som stadig blir forbetra.
På andre språk
Our "Network":

Project Gutenberg
https://gutenberg.classicistranieri.com

Encyclopaedia Britannica 1911
https://encyclopaediabritannica.classicistranieri.com

Librivox Audiobooks
https://librivox.classicistranieri.com

Linux Distributions
https://old.classicistranieri.com

Magnatune (MP3 Music)
https://magnatune.classicistranieri.com

Static Wikipedia (June 2008)
https://wikipedia.classicistranieri.com

Static Wikipedia (March 2008)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com/mar2008/

Static Wikipedia (2007)
https://wikipedia2007.classicistranieri.com

Static Wikipedia (2006)
https://wikipedia2006.classicistranieri.com

Liber Liber
https://liberliber.classicistranieri.com

ZIM Files for Kiwix
https://zim.classicistranieri.com


Other Websites:

Bach - Goldberg Variations
https://www.goldbergvariations.org

Lazarillo de Tormes
https://www.lazarillodetormes.org

Madame Bovary
https://www.madamebovary.org

Il Fu Mattia Pascal
https://www.mattiapascal.it

The Voice in the Desert
https://www.thevoiceinthedesert.org

Confessione d'un amore fascista
https://www.amorefascista.it

Malinverno
https://www.malinverno.org

Debito formativo
https://www.debitoformativo.it

Adina Spire
https://www.adinaspire.com