Åse Gruda Skard
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Åse Gruda Skard (fødd i 1905, død i 1985) var ein norsk barnepsykolog og forkjempar for kvinnesaka. Skard vart den første kvinna i landet som oppnådde magistergrad i psykologi i 1931 ved Universitetet i Oslo.
Foreldra hennar var Karen Grude Koht og Halvdan Koht. Ho vart i 1933 gift med litteraturforskaren Sigmund Skard. Saman fekk dei fem barn, mellom dei Halvdan Skard, Torild Skard og Målfrid Grude Flekkøy.
Åse Gruda Skard arbeidde i over tretti år som dosent i barnepsykologi (frå 1945). I 1934 etablerte ho Norsk Psykologiforening og sat som leiar frå 1945 til 1949. Under andre verdskrigen arbeidde ho ved Wilson College i USA, der ho bl.a. tala Noreg si sak.
Gjennom ei rad føredrag, over to tusen artiklar og tjuefire fagbøker, var ho ein viktig meiningsdannar i Noreg etter krigen. I boka Ungene våre (1948) talar ho for korleis den moderne familien skal la meningane til ungane koma fram i større grad. Ho tala til Norsk Kvinnesaksforening om kor viktig det var at kvinner i større grad nytta dei ulike sjangsane samfunnet bydde på (1953).
Som forkjempar for born sine rettar bidrog Skard til opprettinga av eit nasjonalt barneombod. Ho kan seiast å vera den første norske mediapsykologen. I ei årrekke sat ho i Kringkastingsrådet for NRK, der ho var sterk pådrivar for programmet «Foreldrenes Kvarter», «Barnetimen for de minste» og «Lørdagsbarnetimen». Ho medvirka òg i tvserien «Mattis»
Åsa Grude Skard vart tildelt Forskningsrådets pris for popularisering av psykologisk vitskap i 1976. I 2005 oppretta Norsk Psykologiforening ein pris til hennar minne: Åse Gruda Skards pris. Ho er avbilda på eit norsk frimerke (NK1561).