Waldorfsalat
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Waldorfsalat er ein salat som inneheld diverse frukter og grønnsaker, blant anna eple, nøtter (ofte valnøtter), drue, kål og selleri. Frukta og grønnsakene vert blanda i ein majonesdressing, eller ein dressing med majones som base, ofte tilsett krem i tillegg. Waldorfsalaten vart laga for fyrste gong i 1896 på hotell Waldorf (seinare Waldorf-Astoria) i New York av kjøkkensjef Oskar Tschirky. I Noreg vert waldorfsalat ofte brukt som tilbehøyr til julemat, spesielt til stekt kalkun, men den er òg veleigna fyljge til lett, rask sommarmat.
Den opprinnelege waldorfsalaten består av like delar Granny-Smith- og Golden Delicious-eple skore i små bitar, selleri, valnøtter, majones og sprø salatblad (til garnering).
Etter kvart har den òg vorte laga i ei rekkje varianter med rista nøtter, jordbær, trøffelpuré og med yoghurt (evt. rømme eller crème fraîche).
Waldorfsalat er med si sur-søte samansetjing populær til kalde og varme kyllingrettar, andre steikte og kokte kjøtrettar, til røykt skinke og til rettar av fugl.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Sjå òg
- fruktsalat