Vokativ
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vokativ (latin cāsus vocātīvus) er eit grammatisk kasus, brukt som kasuset til tiltaleforma.
Denne kasusen finn ein mellom anna i latin, romansk, gresk, baltiske og slaviske språk som ei tiltaleform av substantiv. Norrønt hadde også vokativ, men dette har stort sett falle bort på moderne norsk.
[endre] Døme
Ifølge språkkjennaren Per Egil Hegge finst det berre éi ekte vokativform i norsk, nemleg «folkens», som i uttrykket «hei, folkens». I staden for vokativ kan ein på norsk bruka pronomenet «du» foran substantivet: «Du Guri, ...», «du mann» eller «de ungar».
På litauisk er ordet for mann, vyras, vyre i vokativ. Vokativforma for mannsnamnet Petras er Petrai.
Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over språkspirer. |