Vjatsjeslav Molotov
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vjatsjeslav Mikhajlovitsj Molotov (russisk språk Вячесла́в Миха́йлович Мо́лотов; fødd 9. mars 1890, død 8. november 1986) var ein sovjetisk politikar og diplomat. Han var den einaste av dei framståande bolsjevikane som overlevde Josef Stalin sine utreinskningar på 1930-talet. Han var utanriksminister for Sovjetunionen frå 1939 til 1949 og frå 1953 til 1956. Han vart i 1957 fråteken verva sine, og send som ambassadør til Mongolia. Nikita Khrusjtsjov hadde vorte ny leiar for Sovjetunionen, og ein trudde at Molotov ynskte å eit meir stalinistisk styresett.
Molotov har gjeve namn til Molotov-Ribbentrop-pakta og til Molotovcocktail. Byen Perm bar namnet Molotov frå andre verdskrigen fram til 1957.
Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over historiespirer. |