Vikebladet Vestposten
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vikebladet Vestposten er ei avis som vert utgjeven i Ulstein kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal fylke. Stadfest nettoopplag er 4782 (2002). Redaktør pr 2005 er Asle Geir Widnes Johansen. Avisa tek mål av seg å vera lokalavis for kommunane Ulstein og Hareid. Dei to kommunane ligg på øya Hareidlandet. Hovudkontoret til avisa ligg i Ulsteinvik, men avisa har eit avdelingskontor i Hareid. Avisa vert eigd av Sunnmørsposten AS. Namnet Vikebladet Vestposten kjem av ei samanslåing av avisene Vikebladet og Vestposten i 1989. Vikebladet var lokalavis for Ulstein og Vestposten for Hareid.