Vakuum
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vakuum er i fysikken definert som fråvær av materie i eit gitt volum av rommet. Eit perfekt vakuum er ein ideell tilstand som ikkje kan eksistere. Den beste tilnærminga på ein slik tilstand er det ytre rom. Fysikarar brukar omgrepet delvis vakuum for å skildre ikkje-ideelle vakuum. Ein komplett karakteristikk av den fysiske tilstanden krev fleire parametere, som temperatur. Antitesa til eit vakuum – som også er ein ideell og ikkje oppnåelege tilstand – kallast eit plenum.
Denne fysikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over fysikkspirer. |