Uskedal
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
Uskedal, eller Uskedalen, er ein tettstad i Kvinnherad kommune i Hordaland fylke. Staden ligg på søraustsida av Hardangerfjorden, sørvest på Folgefonnhalvøya, mellom Rosendal og Husnes. Riksveg 48 går gjennom staden. Campingplass. Gjestehamn. Uskedalselva er rekna som ei god lakseelv.
Etter 9. april 1940 vart Hardangerfjord Sjøforsvarsavsnitt bygd opp rundt ein del av dei attverande norske marinefartøya, med hovedkvarter i Uskedalen. Sjef var først kaptein Hauge, seinare kaptein Ulstrup. Avsnittet stengde Hardangerfjorden for tysk trafikk, og tok fleire tyske skip som prise. Etter kampar 19.-20. april der dei norske torpedobåtane Sæl og Stegg vart senka, inntok tyske soldatar Uskedalen.
[endre] Lenkjer ut
[endre] Kjelder
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |