Tysdag
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
Tysdag (eller tirsdag) blir gjerne rekna som den andre dagen i veka. Han er oppkalla etter den norrøne krigsguden Ty i dei fleste germansk-språklege land, medan den romerske guden Mars har namngjeve han i dei romanske. Dagen heiter Martis dies på latin, martedí på italiensk og mardi på fransk.
Nokre stader blir tysdagen sett på som uheldig. For grekarane er han mellom anna dagen Konstantinopel fall til tyrkarane. I den spansktalande verda seier eit ordtak at på tysdagar bør ein verken gifta seg eller leggja ut på reis - En martes, ni te cases ni te embarques. Dagen er også rekna som uhellsvanger nokre stader i India på grunn av tilknyttinga til planeten Mars, og ein del hinduar dreg til tempel denne dagen for å motverka den vonde innverknaden hans.
[endre] Spesielle tysdagar
- Feitetysdag er dagen før oskeonsdag, ein dag ein tradisjonelt brukte opp alt feittet før fastetida byrja.