Tsjuvasjisk språk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tsjuvasjisk (tsjuvasjisk:чăваш чěлхи, tsjavasj tsjelkhi, jf. polsk: czuwaski, ukr.: чуваська / tsjuvas'ka; tsjuvasjisk, tsjuvasjar (engelsk: Chuvashes, russisk: чуваши tsjuvasji) kontra tsjuvansk, tsjuvanar (engelsk: Chuvans, russisk: чуванцы tsjuvantsjy) i det nordaustlege Sibir) er språket til tsjuvasjane, og det offisielle språket i den tsjuvasjiske republikken i Russland. Det er det einaste levande førbulgarske språket i den tyrkiske språkfamilien. Tsjuvasjisk vert snakka av om lag 1 774 000 menneske i Russland (1993 [1]).
[endre] Skrift
Tsjuvasjisk blir skrive med det tsjuvasjiske alfabetet, som er eit kyrillisk alfabet avleia av det russiske. Tsjuvasjisk har likevel brukt mange ulike skriftsystem, frå ei runeskrift i før-islamsk tid, til det arabiske alfabetet, til tsjuvasjane slutta å skriva etter å ha blitt invaderte av mongolane.
Det moderne skriftspråket blei skapt av I. Ya. Yakovlev i 1873. Det blei revidert i 1938, og i dag blir den reviderte forma brukt.
[endre] Litteratur
Omlag samstundes som ein sette i gang å laga eit tsjuvasjisk skriftspråk, tok ein òg til å interessera seg for den munnlege litteraturen til tsjuvasjane. Mange forskarar samla og gav ut noko av dette materialet, som vidare inspirerte andre til å skriva ny tsjuvasjisk litteratur. Arşurri (Visdomskogen) av M.F. Fjodorov blir sett på som utgangspunktet for den moderne skjønnlitteraturen på språket. Ein annan viktig milepæl var den første avisa på språket, Hibar (Nyhende) som kom ut første gongen i 1905. To år seinare blei avisa stoppa av tsaren, men den tsjuvasjiske målreisinga var alt i rørsle.
[endre] Målføre
Språket har to hovuddialektar, virjal eller over-tsjuvasjisk og anatri, eller neder-tsjuvasjisk. Det litterære språket bygger på den nedre dialekten.
Tsjuvasjisk er blitt påverka av finsk-ugrisk og tatarspråk. Det har òg mange lånord frå russisk, marisk, persisk og arabisk.
Tyrkiske språk |
Tsjuvasjisk |
sørtyrkiske språk: | khalajisk | gagauzisk | tyrkisk | krimtyrkisk | turkmensk | azerbaidsjansk | quashkaisk |
austtyrkiske språk | uighursk | uzbekisk | salarsk |
vesttyrkiske språk | basjkirsk | karachaysk | karaimsk | kumyksk | tatarsk | barabask | krimtatarsk |
sentraltyrkiske språk | nogaisk | karakalpakisk | kazakhisk | kirghizisk |
nordtyrkiske språk | jakutisk | dolgansk | khakassisk | altaisk | nordaltaisk | chulymsk | shorisk | tuvinsk | karagassisk |