Det russiske alfabetet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det russiske alfabetet er ein variant av det kyrilliske alfabetet som i dag blir brukt til å skriva russisk.
I tabellen nedanfor viser norsk transkripsjon Språkrådet sin tilrådde norske transkripsjon. Uttale viser den vanlegaste uttalen av bokstaven i Moskva-russisk, med norsk skrivemåte. For vokalar viser kolonna uttalen i trykksterk posisjon.
bokstav | norsk transkripsjon | uttale |
А,а | a | < a > |
Б,б | b | < b > |
В,в | v | < v > |
Г,г | g | < g > |
Д,д | d | < d > |
Е,е | e (etter konsonant) je (etter vokal eller ь eller ъ) ie (dersom førre regel ville ført til bokstavkombinasjonen sj eller zj) |
< je > |
Ё,ё | jo (som regel) io (dersom førre regel ville ført til bokstavkombinasjonen sj eller zj) |
< jo > (som i norsk pjokk) |
Ж,ж | zj | stemt < sj >-lyd (som fransk < j >) |
З,з | z | stemt < s >-lyd (som engelsk < z >) |
И,и | i | < i > |
Й,й | j | < j > |
К,к | k | < k > |
Л,л | l | < l > |
М,м | m | < m > |
Н,н | n | < n > |
О,о | o | < o > (som i norsk flott) |
П,п | p | < p > |
Р,р | r | < r > |
С,с | s | < s > |
Т,т | t | < t > |
У,у | u | < u > (som i norsk pung) |
Ф,ф | f | < f > |
Х,х | kh | som tysk < ch > i Bach |
Ц,ц | ts | < ts > |
Ч,ч | tsj | < tsj > |
Ш,ш | sj | < sj > |
Щ,щ | sjtsj | lik < sj > men med tunga lenger fram i munnen |
Ъ,ъ | "hardt teikn" - vert ikkje transkribert | ingen lydverdi, angir at førre bokstav ikkje er palatalisert |
Ы,ы | y | liknar mest på norsk < i >, men uttalt med tunga lenger bak i munnen |
Ь,ь | "mjukt teikn" - vert ikkje transkribert | ingen lydverdi, angir at førre bokstav er palatalisert |
Э,э | e | < e > |
Ю,ю | ju (som regel) iu (dersom førre regel ville ført til bokstavkombinasjonen sj eller zj) |
< ju > (som i norsk juks) |
Я,я | ja (som regel) ia (dersom førre regel ville ført til bokstavkombinasjonen sj eller zj) |
< ja > |
Sjå òg Wikipedia:Retningsliner for transkripsjon av kyrillisk.
Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over språkspirer. |