Trykkmålar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein trykkmålar er eit instrument til å måla trykk med. SI-eininga for trykk er pascal (Pa). Andre måleiningar som vert brukt, er bar og psi.
Innhaldsliste |
[endre] Målemetodar
[endre] Differansetrykkmåling
- Når ein måler overtrykk måler ein trykkskilnaden mellom atmosfæretrykket og trykket på det mediet me skal måla.
- Ved måling av undertrykk brukar ein òg atmosfæretrykket som referanse. Undertrykk vert gjerne referert til som vakuum.
- Ved måling av absolutt trykk brukar ein absolutt vakuum som referanse, slik som i barometeret.
- Differansetrykk er skilnaden mellom to trykk. Ved måling av differansetrykk, vert det eine trykket brukt som referansepunkt for det andre. Differansetrykk vert ofte brukt til gjennomstrøymingsmåling og nivåmåling.
[endre] Måleelement
- Barometer vert brukt i meteorologien til å måla trykket i atmosfæren med. Eit kvikksølvbarometer har eit søyla med kvikksølv. Kvikksølvet vil gå ned i søyla til krafta av vakuumet i søyla er like stor som krafta av lufta i atmosfæren. Instrumentet vart funne opp av den italienske fysikaren Evangelista Torricelli.
- Ein måte å måla trykk på, er ved å la krafta av trykket kvila mot ei plata e.l., og slik skapa ei mekanisk rørsla. Denne vert motverka av ei fjør, og ved å måla kor langt trykket skyv plata kan ein rekna ut kor stort trykket er. Dette prinsippet vert brukt i fleire instrument:
- Membranmanometer
- Kapselmanometer eller aneroidmanometer
- Belgmanometer
- Piezoelektriske måleelement har krystallplater som dannar elektriske ladningar når dei vert utsette for dynamiske mekaniske trykkpåkjenningar.
- Bourdonmanometeret måler trykk ved hjelp av eit bourdonrøyr
- Andre typar gjevarar kan berre brukast saman med eit anna måleelement, desse kan òg verta brukt i måleelement for andre typar målingar:
- Differensialtransformatoren er ein induktiv gjevar som vert brukt saman med belg-element eller bourdonrøyr
- Ein tøyingsgivar er ein elektrisk leiar som vert dregen ut slik at motstanden vert større.
- Ein kan bruka kapasitans til å måla trykk med, ved å la den eine plata i ein kondensator fungera som membran.
[endre] Sjå òg
[endre] Kjelder
- Bjørnar Larsen. Industriell måleteknikk for automatikarfaget. Noreg 1996: Vett & Viten AS. ISBN 82-412-0223-7