Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions Brukardiskusjon:Trondtr - Wikipedia

Brukardiskusjon:Trondtr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

nn Denne brukaren har norsk som morsmål og meistrar nynorsk.
nb Denne brukeren har norsk som morsmål og behersker bokmål.
fi-3 Tämä käyttäjä osaa suomea erinomaisesti.
en-3 This user is able to contribute with an advanced level of English.
se-2 Dát geavaheaddji máhttá sámegiela viehka bures.
de-2 Dieser Benutzer hat fortgeschrittene Deutschkenntnisse.
ru-1 Этот участник владеет русским языком на начальном уровне.
nl-1 Deze gebruiker heeft elementaire kennis van het Nederlands.
is-1 Þessi notandi hefur grundvallar-kunnáttu á íslensku máli.
fr-1 Cette personne peut contribuer avec un niveau élémentaire de français.
et-1 Kasutaja suudab eesti keeles kaastööd teha algaja tasemel.

Innhaldsliste

[endre] Velkommen

Hei og velkomen til Nynorsk Wikipedia! Jorunn 21. mai 2005 kl. 1404 (UTC)

Velkommen Trond. Spør gjerne om du lurer på noko! Bjarte 22. mai 2005 kl. 1325 (UTC)

Takk for det! Er det her denne diskusjonen går føre seg? Trond.

Velkommen frå meg òg! :-) Fint å få meir kjøt på beina i avdelinga vår for uralske språk. Eit lite tips: Du kan forresten laga automatisk signatur med datering på diskusjonssider ved å skrive fire bølgjestrekar — slik: ~~~~ Beste helsing, Olve 22. mai 2005 kl. 2038 (UTC)

Ein sein velkomst frå meg òg. --Guttorm 25. mai 2005 kl. 1755 (UTC)

Eg prøver på ein slik signatur til slutt her. Men før det: Korleis får eg laga ein slik språk-boks (namn, område, talarar, språkfamilie, ISO/SIL-kode osb). Trondtr 22. mai 2005 kl. 2045 (UTC)

Det klassiske tipset er å ta ein kikk på ein annan språkartikkel, trykk «rediger», kopier informasjonen (språkboksen byrjar med {{Infoboks_språk|namn= og endar med }}), lim det inn i den nye artikkelen og rediger opplysningene der. Sjekk om du får det til å virke ved å trykke på «Førehandsvis». Du kan au ta ein kikk på malen Mal:Infoboks språk for å se kva slags variablar du kan nytte. Håpar dette er til hjelp. --KRISTAGAα-ω 22. mai 2005 kl. 2238 (UTC)
Ser du fikk til sørsamisk språk. Men du gjorde det litt tungvint, det er mye enklare å bare bruke den eksisterande malen. Ta ein kikk på håssen sørsamisk ser ut nå (eg satte opplysningene dine i malen, du kan jo t.d. bruke «historikk»-knappen og sammenlikne, eller bare sjå direkte i koden ved å trykke «rediger»), så skjønner du sikkert alt. Og bare spør viss du står fast! --KRISTAGAα-ω 23. mai 2005 kl. 2344 (UTC)
Takk for kommentarane! Ja, det å bruke den eksisterande malen var uten tvil enklare. Eg held fram med resten av dei uralske språka etter kvart. Trondtr 25. mai 2005 kl. 1536 (UTC)

[endre] Ros

Du har skrive mange dugelege artiklar, men stadieveksling er eit under! Det var ein teknisk artikkel eg kunne forstå, sjølv med hovudverk (før eg byrja å lesa, altså - andre gonger kjem gjerne verken etterpå). -- Ranveig 26. mai 2005 kl. 1807 (UTC)

[endre] Fullstendige setningar og kategoriar er viktig!

Hei Trond, mykje fint du gjer her!!! :-D Men det er eit par ting som er viktige å hugse på:

  1. Alle artiklar skal begynna med ei fullsetning.
  2. Alle artiklar skal ha minst éin kategori — t.d. Kategori:Lingvistikk, Kategori:Morfologi osv.
  3. Alle artiklar som er på berre ei setning eller to skal merkast som {{spire}}.

Om du passar på alltid å følgje desse tre reglane, så vil småartiklane du lagar vera mykje lettare å arbeide vidare med for alle saman. :-) Olve 29. mai 2005 kl. 2013 (UTC)

Ok, tre svært gode råd her, takk skal du ha. Eg skal følgje dei. Trondtr 29. mai 2005 kl. 2016 (UTC)

Her er eg att.. :] Når det gjeld kategoriar, så er det første kolonet ( [[:Kategori...) berre med når ein skal setje inn kategorinamnet som eksempel i sjølve teksten. Når ein kategoriserer ei side, skal det ikkje vera kolon føre ordet kategori. Elles er det lurt om du hugsar på å unngå telegrafstil (ingen utelatne subjekt, unngå parentesar anna enn som direkte ordforklaring eller i samband med datering). Alle setningane skal vera så fullstendige som muleg. Sjå endringane eg har gjort i artikkelen Anders Porsanger som eksempel. -- Olve 29. mai 2005 kl. 2044 (UTC)

Ordna litt på første ordet i artikkelen bøyingsklasse og skreiv ei full innleiingssetning. Har ikkje styrt noko særleg med morfologi dei siste åra og gjorde dette kjapt og lettvint. Slik det står no er det litt smør på flesk, men eg reknar med at du kan sortere dette slik du tykkjer det er best ut frå heilsetningsskrivestilen vi har her. -- Olve 30. mai 2005 kl. 0518 (UTC)

Hei, her er eg att... Beklagar at eg masar, men artiklar her skal altså begynna med ei fullstendig setning. Eksempel: Du skreiv nettopp:

substantiv, ein av dei tre sentrale ordklassene (dei to andre er verb og adjektiv.

Dette er ikkje ei fullstendig setning. Det kan t.d. skrivast om slik:

Eit substantiv er eit omgrep for eit ord frå ein av dei tre mest sentrale ordklassene [...]

Vi lyt begynna med stor bokstav, subjektet (helst oppslagsordet) bør innleiast med artikkel (så vi ser grammatisk kjønn), vi lyt ha predikat/verbal osv. Beklagar som sagt maset, du gjer jo utruleg mykje fint her. Men det er berre så dumt når bidraga frå ein så ressurssterk brukar som du er lyt gåast over for slike basisting... :] Olve 30. mai 2005 kl. 2306 (UTC)

Du (eller andre) treng ikkje beklage mas, det beklagelege er jo heller at det trengst. I dette tilfellet er det lett å gløyme heilsetningen, m.a. fordi eg er van med ein annan leksikontradisjon, den der omsynet til plass er viktigare enn omsynet til heile setningar. Dermed følest det "rett" for meg å skrive slik eg gjorde (dessutan hadde eg ei ferdig liste med artiklar som eg skulle lime inn). Elles sett eg pris på at folk går over bidraga til kvarandre (sjølv om det beste jo hadde vore at dei hadde vore rett skrive frå starten av). Eit område der eg har problem er inndelinga i kategoriar: Kva kategoriar skal vi bruke, t.d. i dette tilfellet: Er substantiv lingvistikk og ordklasse? Eller er det grammatikk og ordklassa? Skal språkforskarar vere berre språkforskarar, eller skal dei også vere norske språkforskarar? (I dag er dei berre danske). Og når det er meir enn ein kategori, skal dei stå over kvarandre, frå vid til trong? Kor står metadiskusjonane? Trondtr 31. mai 2005 kl. 0948 (UTC)

[endre] Kven er du? :-)

Hadde forresten vore fint om du kan seie nokre ord på brukarsida di om kven du er. Det er relativt vanleg her på nn: å gjera det. (Sjå t.d. Bjarte, Gunvald, Guttorm, Olve, Ranveig...) Blir både litt meir personleg og fagleg meir truverdig på det viset — og det er tydeleg at du kan mykje, så da hadde det vore ekstra bra for Nynorsk Wikipedia òg om folk ser kven du er og gjerne kva fagleg ballast du har. (For dét har du no definitivt — anten du har komme til kunnskapen på fagleg institusjonelt vis eller på andre måtar...!) Men det er sjølvsagt ingen tvang: Vil du vera anonym, så er det no sjølvsagt lov det òg.) -- Olve 29. mai 2005 kl. 2024 (UTC)

Aha! Tenkte nok kanskje det var du, ja... Gratulerer med doktorgraden sidan sist! :-D Olve 30. mai 2005 kl. 0501 (UTC)
Takk skal du ha. Trondtr 30. mai 2005 kl. 0513 (UTC).

[endre] Namn på språkartiklar

Hei! Som du kanskje har sett, har eg flytta språket dyirbal til ganske enkelt dyirbal, og hausa språk til hausa. Dette er for å gjera det enklast mogleg for dei som søker etter til dømes hausa å finna det (artikkelen om dei som taler språket høyrer til under hausaer, ettersom me bruker fleirtal om folkegrupper). Eg tenkte bare eg kunne nemna at der det ikkje finst fleire ulike tydingar av eit ord, bør artikkelen leggjast på enklast mogleg stad. -- Ranveig 12. jun 2005 kl. 2102 (UTC)

Omlag same innhald sagt på ein annan måte: Vi har vorte meir eller mindre einige om å leggje språknamn av -(i)sk-typen, der språknamnet er identisk med nasjonalitets-/etnisitetsadjektivet, på «...sk språk». Språknamn som ikkje endar på -(i)sk har vi etterkvart komme fram til at det er like greitt å leggje rett på språknamnet — slik som tamil, hindi, urdu. Men i slike fall er det lurt å ha omdirigeringar, slik som tamilsk språk / språket tamil > tamil. Elles kan eg berre stemme i med Ranveig i at vi brukar fleirtal for folkegrupper — nærmare bestemt ubunde fleirtal: tamilar, hausaer, samar osv. -- Olve 12. jun 2005 kl. 2115 (UTC)
Takk for rettingar, praksisen med å setje "språk" inn også for språknamn utan -sk hadde eg tydlegvis frå andre språkversjonar, det skal eg slutte med, det er mykje greiare med den minimalistiske praksisen, og med folkenamn i fleirtal. Det som då står att er å finne ut kva språk det er som skal ha -sk og kva som ikkje skal ha det, t.d. skal eg no gå og rette ein referanse frå tamilsk språk til tamil. Men dette siste er jo eit problem for norsk, og ikkje berre for oss på wikipedia (og ja, lista til norsk språkråd er vel det vi bør gå etter). Trondtr 12. jun 2005 kl. 2217 (UTC).

[endre] Pitesamisk i Russland?

Det er konsekvensen av å setja inn identiske kategoriar for alle samiske enkeltspråk. Eg er klar over at det er meir arbeid å setja inn nøyaktige (og dermed ulike) kategoriar for kvart språk, men det er absolutt viktig at vi gjer dette slik at det ikkje blir unødig misvisande. -- Olve 19. august 2005 kl. 06:08 (UTC)

Kommentaren min forsvann visst... Altså: Eg ser ikkje korleis Pitesamisk har noko med Russland å gjere. Eg vil gjerne ha ulike kategoriar for kvart språk, men er litt usikker på korleis eg arbeider. Altså: For lulesamisk, kategorien lulesamisk språk, og for pitesamisk, kategorien pitesamisk språk, er det slik? Men kategorien lulesamisk språk funkar ikkje, ssv. fordi han ikkje er laga, og når eg prøver å lage han får eg det ikkje til. Ei anna svakheit er at Anders porsanger står lista som eit samisk språk og Knut Bergsland som ein norsk språkforskar, utan samband med samisk. Så her trengst det opprydding og nykategorisering. Framlegg er velkomne, og kanskje litt meir tekst på metasida vår om kategorisering, tilhøvet mellom over- og underkategoriar, osb. Trondtr 19. august 2005 kl. 06:18 (UTC).
Ooops — ser at du oppdaga det same som eg... :] Olve 19. august 2005 kl. 06:09 (UTC)
Trur det ville vera naturleg å plassere Knut Bergsland under Kategori:Norske språkforskarar og Kategori:Samiske språk (og gjerne Kategori:Sørsamisk språk òg) (som er å forstå som at han hører med under emna norske språkforskarar og samiske språk. Han er sjølvsagt ikkje noko samisk språk i seg sjølv... :-) (Trur det blir meir intuitivt å tenkje på kategoriane som emne heller enn som typologi.)
Når det gjeld oppretting av nye kategoriar, så er det berre å trykkje på raude kategorilenkjer og skrive inn overkategoriar og skan-/interwikitagar. Trykk så «lagre», og kategorien er oppretta. -- Olve 19. august 2005 kl. 07:05 (UTC)
Hugs at Kategori:Samiske språk er uttrykk for emnet samiske språk, ikkje berre materialtypen/karakteriseringa samiske språk. Om Anders Porsanger er kjend for arbeid med samiske språk, så hører han òg med i emnet samiske språk, akkurat som Ivar Aasen sjølvsagt hører med under emnet nynorsk. -- Olve 19. august 2005 kl. 08:17 (UTC)
Hmmm.... Ved nærmare ettertanke er det kanskje like lurt å ha ein generell Kategori:Samisk språkforsking der språkforskarane som driv/dreiv med samisk hører heime...? Men under mindre samiske språk som pitesamisk og skoltesamisk er det truleg naturleg å leggje språkforskarane direkte i hovudkategorien — dette gjeld kanskje til og med dei større enkeltspråka, slik som nordsamisk. Kva trur du? -- Olve 19. august 2005 kl. 08:22 (UTC)

Hei Trond! Fint om du sjekkar det eg la til om skoltesamisk ;-) Vidar

Greit nok det (dei fleste kristne slepp rett nok å få kyrkjene sine referert til som kultplassar, men eg skal vere den siste til å protestere på slik språkbruk), men det er kanskje på sin plass å dele artikkelen i to, dvs. eigentleg å skilje ut ein eigen artikkel Skoltesamar. Historia til dette folket er spesiell nok til å fortene ein eigen artikkel, han blir fort lang viss ein skal fortelje det som har skjedd dei. Trondtr 29. august 2005 kl. 19:56 (UTC).

[endre] Anonyme endringar

Hei, Trond. Kan du sjekke om desse endringane som ein anonym brukar gjorde på finsk språk er rette? EIRIK\diskusjon 2. september 2005 kl. 14:48 (UTC)

Eg sitt attmed han her i Helsingfors, og kjem med mine tillegg. Bakgrunnen var at eg tok den korte versjonen, og no inspirerer han meg til å vere litt meir eksplisitt. Men takk for tipset. Trondtr 2. september 2005 kl. 14:57 (UTC).

[endre] Vi brukar helst ikkje artikkelnamnetypen «Liste over ...»

Ser at du har flytt oversynet over indoeuropeiske språk til Liste over indoeuropeiske språk. Vi prøver helst å unngå slike namn her på nn:. Trur det er betre å behalde dette informasjonen, evt. berre i hovudtrekk, i hovudartikkelen. Vi kan godt taka med berre underfamiliane og dei viktigaste enkeltspråka der, og så heller ha meir fullstendige oversyn under underfamiliane. Kva trur du? :) Olve 6. september 2005 kl. 02:25 (UTC)

Eg har ikkje sterke meiningar over namnet, men eg ser sjølvsagt at "Liste over X" er eit artikkelnamn som gjer at denne artikkelen aldri blir lese som eit resultat av direkte søk. Praksisen fekk eg frå en, viss eg ikkje hugsar feil. Feilen med det gamle var at ein tilsynelatande lang artikkel om t.d. indoeuropeiske, eller germanske, eller.. språk i praksis ikkje hadde noko tekst i det heile, berre ei lang liste over språk. Vi kan godt bake dei inn i sjølve artikkelen, men ikkje så klønut som det var. Moglege alternativ er å bruke malformatet, som eg syns er fint, men det er såpass stramt at mange variantar fekk utom, evt. kan vi kutte opp listene og putte dei eit godt stykke nedo ver i hierarkiet, som du gjer framlegg om. Så ja, det syns eg er ein god ide. Fordelen med å ha "Liste over X"-formatet var at då kunne vi i hovudartikkelen leggje inn ein referanse, og så kunne folk følgje den, men framlegget ditt er heilt fint for meg. M.a. slepp vi å duplisere listene (t.d. er no dei germanske språka listabåde under IE-lista og under germansk-lista, og det er eit oppsett som automatisk vil generere lister som ikkje er synkronisert med kvarandre). Men ja, la oss følgje framlegget ditt. Trondtr 6. september 2005 kl. 13:35 (UTC).

[endre] Russiske namn?

Dei har me faktisk retningsliner for! Wikipedia:Retningsliner for transkripsjon av kyrillisk. Eg rekner med at me i hovudsak kan transkribera dei slik, bortsett frå dersom dei har utvandra og teke ein utanlandsk stavemåte, eller er godt kjende med ein annan stavemåte. Så er bare problemet å finna det russiske namnet... -- Ranveig 13. okt. 2005 kl. 08:48 (UTC)

Eg var litt trøytt i går, ser det ut til, og kopierte berre frå teksten eg hadde. For Ч hadde eg Ch, som er ille. Men dømet i rettleiinga seier faktisk "Tsjeboksary" for "Чебоксары", sjølv om det etter eigne reglar burde ha vore "Čeboksary". Trondtr 13. okt. 2005 kl. 13:59 (UTC).
Det kjem an på om ein vel kolonnen i midten eller til høgre! Som regel bruker me (i alle fall eg) norsk transliterasjon for namn, fordi det er vanleg å skriva dei slik på norsk (t.d. Sjirinovskij Tsjaikovskij). Dersom ein treng å transkribera eit russisk ord er det kanskje betre å følga ISO-standarden. -- Ranveig 13. okt. 2005 kl. 14:29 (UTC)
Nok ein gong var eg litt for kjapp, eg las høgre kolonne som uttalerettleiing og ikkje som translitterasjon, og glømte at vi har ein norsk standard. Med det arbeidet vi har lagt ned for lokalisering av samisk, har alle datamaskinbrukarar (Mac, Linux, Windows) forresten no tilgang til samisk tastatur, og dermed til translitterert russisk (gå til "tastaturoppsett" og fisk fram det samiske tastaturet, så finn du č, š, žx, w, <.. Men altså: Politikken er å bruke høgre kolonne, og skrive Vladimir Vladimirovitsj Tsjarnoluskij, viss eg forstår deg rett. Det er heilt greitt for meg. Trondtr 13. okt. 2005 kl. 15:55 (UTC).

[endre] E.N. eller E. N.?

Sjå svar frå Olve på diskusjonssida mi. --EIRIK\diskusjon 23. okt. 2005 kl. 19:25 (UTC)

[endre] Mystisk hærverk

Så vidt eg kan skjøna så var peikaren du fjerna frå Wikipedia-diskusjon:Nynorsk innhald på Internett lagt inn av Bjarte for å referere til ein artikkel som truleg sa noko slikt som at Nynorsk kultursentrum ikkje fekk pengar til å laga leksikon. Det er tydeleg at peikaren ikkje lenger fungerar som den skal, og eg har ikkje klart å finna fram til den i arkivet deira eller andre stader, men det er i det minste neppe snakk om noko vandalisme eller hærverk. Kva ein skal gjera med slike peikarar som sluttar å virke er eg ikkje heilt sikker på, men eg veit ikkje om den beste løysinga er å berre fjerne dei. --Guttorm 6. nov. 2005 kl. 13:48 (UTC)

Ok. Ja, eg lurte på kva det var for noko, men ingenting av det eg såg på den sida hadde nokon relevans. Slike lenkjer har vi ikkje bruk for, innhaldet bør fram på ein annan måte. Trondtr 6. nov. 2005 kl. 14:25 (UTC).
Eg trur det må ha vore denne artikkelen eg lenka til: http://nernett.hivolda.no/view.cgi?&link_id=0.18983.22925&session_id=905887360 Dersom det ikkje fungerer gå til http://nernett.hivolda.no/ og søk på "nynorsk leksikon". Bjarte 6. nov. 2005 kl. 20:27 (UTC)

[endre] Hei!

Hei! Takk for hyggeleg velkomst til wikipedia! Eg driv for augneblinken hovudsakleg med dette fordi eg syns det er artig. Så lenge eg syns det er artig tenkte eg eg skulle gjera ein innsats for å laga litt fleire artiklar om Russland, noko det ser ut som du og driv med. Har du tenkt å skriva meir om finsk-ugriske føderasjonssubjekt? I så fall kan jo eg styra unna dei og ta for meg av dei andre - det er nok å ta av! Ellers må du vera god å informera meg hvis i min nybegynnarskap skulle bryta uskrivne reglar eller trakka nokon på tærne. (Barend 1. des. 2005 kl. 13:02 (UTC))

[endre] Etniske grupper

Hei! Som du kanskje har sett skriv eg litt om russiske føderasjonssubjekt. I den samanheng får eg ofte problemstillinga korleis eg navngjer etniske grupper. T.d.: Mordvinar, eller mordvinarar? Nenetsar, eller nenetsarar? Balkarar eller balkararar? For den saks skuld kroatar eller kroatarar? Du verkar som du har ein viss kompetanse på desse tinga, difor spør eg her, er det innarbeidd ein måte på nn:wikipedia å gjera dette på? Evt kan du flytta dette spørsmålet til ein plass det høyrer heime? Mvh,(Barend 5. des. 2005 kl. 18:27 (UTC))

Staden å diskutere med andre enn meg på er Samfunnshuset. La oss sjå om vi treng det. Eg vil nok seie nenetsarar og mordvinarar, osb., det er lettare å sjå viss du tar det i eintal: Eg kjenner ein nenets høyrer ikkje like bra ut som eg kjenner ein nenetsar. "Balker" var ikkje like lett, eg kjenner ein balKAR (med trykket på siste staving) høyrest ok ut. I det heile har vi lite tekst om folkegrupper, det vi har er stort sett tekst om språka, så nokon praksis har vi vel ikkje enno. Er det meir å prate om får vi heller ta det på samfunnshuset. Gå til bolken "Pågåande drøftingar" på samfunnshuset", legg til ei ny overskrift nederst på sida (av typen [[Wikipedia-diskusjon:Tittel inn her]]. Deretter er det berre å klikke på lenkja og skrive i veg.) Trondtr 7. des. 2005 kl. 17:23 (UTC).

[endre] Manglande vapen

Dei finske landskapsvåpna er tydelegvis ikkje lagde inn på Commons, derfor verker dei ikkje her. Viss dei ikkje er verna av opphavsrett skulle det vore enkelt å få dei inn dit -- viss dei derimot er det, blir det verre! -- Ranveig 31. des. 2005 kl. 09:55 (UTC)

Det er ikkje så enkelt. Som du ser på Keski-Suomi, fungerer det fint, men det som får meg til å lure, er at Pirkanmaa fungerer fint på engelsk Wikipedia, ped referanse "Image". Trondtr 31. des. 2005 kl. 10:04 (UTC)
fil:Keski-Suomi Coat of Arms.png ligg på Commons (men utan fullstendig lisens, slik at det kan bli borte). Reknar med at engelsk wikipedia har sine eigne kopiar av bilda dei brukar. -- Ranveig 31. des. 2005 kl. 10:18 (UTC)

[endre] Vekas dugnad

Då tenkte du på artiklane, ikkje sjølve malen? (Malar er eg ikkje god på). Har tenkt at eg skal sjå på dette, men har litt problemar med detaljnivået. Skal me verkeleg gå inn på bøyingsmønstre osb. må det verkeleg mykje detaljar til, me må m.a. seie noko om skilnaden på analytisk og syntetisk verb-bøying. Og skal me berre ta for oss dei store linene må eg tenkje (og det kan jo gjera vondt som Ludvig sa). --Ekko 3. april 2006 kl. 12:52 (UTC)

[endre] Nyno

Kan det programmet du nett brukte, også brukast til å oversettje engelske artiklar til (ny)norsk.

Nei, dessverre. Meir informasjon om Nyno finn du på heimesida deira, diskusjonen attom bruken av programmet på Wikipedia finn du her. Det finst eit prosjekt for å lage ein maskinomsetjar frå bokmål til engelsk (og programmet deira er mange år frå å vere ferdig), men ingenting for å omsetje frå engelsk til nynorsk (eller bokmål), som jo er det vi treng her. Trondtr 22. april 2006 kl. 15:59 (UTC).
OK, Då får ein fortsette med søk og erstatt funkjsonen ei stund til --Anders 22. april 2006 kl. 17:51 (UTC)

[endre] Vekas artikkel

Kvifor kjem ikkje vekas artikkel opp på framsida? --Ekko 24. april 2006 kl. 07:01 (UTC)

Eg har ikkje peiling. Eg sitt nett og ser på det, og ser ikkje at eg gjer noko feil. Tidlegare har eg gjort liknande ting og funne ut at servaren har vore sein, men no har det gått over eit kvarter, utan at det skjer noko. Trondtr 24. april 2006 kl. 07:03 (UTC).
Uransakelege er vegane åt serverane. --Ekko 24. april 2006 kl. 07:33 (UTC)
Oppdatering av hovudsida (eller den sida ein mal skal visast på) trengst av og til. Men no viste altså vekas artikkel seg greitt for meg. -- Ranveig 24. april 2006 kl. 07:44 (UTC)
Oppdatering? Korleis får du det til? --Ekko 24. april 2006 kl. 07:50 (UTC)
Ved å følga peikaren eg gav kastar serveren den lagra versjonen av sida og henter ein ny (eller noko slikt). Du kan gjera det med ei kva som helst side ved å skriva «purge» i staden for «edit» i addresselinja. -- Ranveig 24. april 2006 kl. 07:59 (UTC)
Takk!--Ekko 24. april 2006 kl. 08:08 (UTC)
Det gjekk jo fint. Men kan du forklare korfor versjonen med bilettekst framleis ligg på framsida til bokmålswikipediaen, sjølv om eg skreiv inn "purge" der og? Kan grunnen vere at dei har skrivebeskytta framsida si? Trondtr 24. april 2006 kl. 08:09 (UTC).
Prøv no! Eg endra malen på deira server. Det hadde jammen vore fint om ein kunne ta inn slike ting direkte frå meta. -- Ranveig 24. april 2006 kl. 08:22 (UTC)

[endre] Inessive

Hi! Could you help me? What is the inessive form for the word Afrihkká in Sámi language? Thanks! Hei! Voisitko auttaa minua? Mikä on inessiivimuoto sanalle Afrihkká saamen kielessä? Kiitos! --Alfred Dengan from the Finnish Wikipedia 15:54, 30 miessemánu 2006 (UTC)

Voin. -hkk- vaihtelee -hk-:n kanssa, eli lokatiivin muoto on pohjoissaamessa Afrihkás (huom! pohjoissaamen lokatiivi vastaa suomen inessiiviä, allatiivia, ablatiivia, elatiivia). Trondtr 30. mai 2006 kl. 20:12 (UTC).
Kiitos. Samahan on suomessa, Afrikka -> Afrikassa. Kiitos todella paljon! --Alfred Dengan 31. mai 2006 kl. 05:03 (UTC)

[endre] request - Lapon

Hello. I have got one request for you. I need sentence "sugar in 370 languages" in Lapon (I want to do a logo of my site). So, can you write me what`s called sentence "sugar in 370 languages" in Lapon language? Thank you very much! Szoltys

Cf. your polish page. Trondtr 17. juli 2006 kl. 18:11 (UTC).
Thank you very much! If you want see my collection of "sugar", you can enter here. If you can, please do a questionnaire "where are you from" on this site. :-) Best regards, Szoltys

P.S. If I can do something for you, please write me and I will do that.

[endre] Sørsamisk morfologi

Onko eteläsaamen apuverbiparadigma oikein? Onko se näin (ei ole Sydsamisk grammatikkia mukaan sori!):

   Presens                   Preteritum
   sg.  du.    pl.           sg.     du.       pl. 
1  leam lean   libie        1 lim    limen     limh
2  lea  lidien lidie        2 lih    liden     lidh
3  lea  lægan  leah         3 lij    ligan     lin

-Yupik

Minun muistiinpanojeni mukaan (minullakaan ei ole kielioppia mukana) paradigma on oiken, yhtä muotoa lukuunottamatta, Pres. 2sg, joka on muistiinpanojeni mukaan leah, eikä *lea. Hmm, näen nyt, että olin vahingossa laittanut kieltoverbin kahdesti nykynorjan eteläsaamen artikkeliin, korjaan sen. Trondtr 20. juli 2006 kl. 20:56 (UTC).
Sori, kommenttini oli varsin sekava eilen, mutta onneksi huomasit ongelman. Tuli mieleen muuten, että onko 1.p.pret:n muoto myös lib tai jotain vastaava? Laitoin englanninkieliseen versioon kieltoverbin imperatiivin mukaan, joten jos haluat, voit kopioida sen tännekin, jos se on oikein. Kiitoksia! -Yupik 21. juli 2006 kl. 07:43 (UTC)
Taas omien muistiinpanojen mukaan en löydä kuin lim. Toisaalta, pitimen- ja luulajansaamesta löytyy 1.p. -v, eli -b varmasti löytyy -b:kin jostain. Pitäisi kyllä lisätä tavaraa... Trondtr 22. juli 2006 kl. 11:16 (UTC).

[endre] Lita påminning

Eg kan dessverre ikkje finsk, så eg får leggja inn kommentaren på gamlemåten. Ville berre minna deg om boksen "Uviktig endring" som du kan bruka om du gjer noko lite, som å leggja til ein levde-mal eller, i nokre tilfelle, å oppretta ein kategori. Det er fint om det går an for andre å sortera "siste endringar" i smått og stort. Misliker du å bruka musa -- det gjer eg -- kan du bruka Tab til å hoppa mellom boksane og mellomrom til å merka av boksen, så går det raskare. -- Ranveig 23. juli 2006 kl. 08:42 (UTC)

Takk for påminninga, det skal eg gjere, eg ser at «siste endringar» er rimeleg uleselege på denne måten. Veit du forresten om det er tastekombinasjonar for dette, anna enn TAB? Trondtr 23. juli 2006 kl. 08:44 (UTC).
Fint! Me har ein "Siste endringar" som det faktisk går an å lesa, det synest eg det er verdt å ta vare på. Eg kjenner dessverre bare til kombinasjonen Tab - Tab - Mellomrom - Enter, som no sit ganske godt i fingrane. -- Ranveig 23. juli 2006 kl. 08:51 (UTC)

[endre] fil:3NorwSamiPresidents.jpg

Du har vel ikkje tilfeldigvis ein kopi av dette bildet i større oppløysing? I så fall kunne me bruka delar av det til å illustrera både artiklane om Nystø og Magga (og Keskitalo under tvil). -- Ranveig 29. juli 2006 kl. 10:31 (UTC)

Hmm, det er det biletet eg har, og det er så bra som kameraet mitt er, om det ikkje har vorte redusert på vegen. Eg skal sjå etter. Det dumme var sjølvsagt at eg ikkje tok separate bilete når eg hadde sjansen... Trondtr 30. juli 2006 kl. 13:29 (UTC).

[endre] Statsstipendiat

Hei, ser at du har kopiert artikkelen fra bokmål. Jeg jobber smått om senn med å lage biografier om dei på bm; Hvis du har tenkt å jobbe med å skrive om dei einskilde, så hadde det vært kjekt om vi kunne bytte-låne, dersom du begynner med dei som eg har ugjort. --Orland 20:22, 9 august 2006 (UTC)

Byttelåning er glimrande. Eg hadde ikkje ambisjonar om å komplettere denne lista sjølv (sjølv om eg altså la til det svært korte utkastet til ein biografi, den kan eg nok gjere betre), men det bør utan vidare vere klårt at samtlege på den lista fortener gode biografiar på wikipedia. Kanskje tema for ein dugnad. Sjølv får eg det travelt med andre ting i vekene som kjem, det er også framleis ferietid for mange, men når det lir litt utover i august kunne eg gjere framlegg om ein statsstipendiat-dugnad. Trondtr 22:40, 9 august 2006 (UTC).
Eg har utvida lista på bm nå, med tilfang fra Statskalenderen fra 1999. Tar sikte på å lete fram flere statskalendre også. --82.194.213.236 08:06, 14 august 2006 (UTC) (Brukar:Orland, ikkje innlogga.)
Fint, eg lurte på om informasjonen om Mikal Urheim var riktig, i og med at han ikkje stod på den opprinnelege lista. Men no står han der. Eit spørsmål er om det også burde ha vore ei alfabetisk liste (eller: Den får vi jo så snart vi skriv ein artikkel om kvar og ein av dei...) Trondtr 09:22, 14 august 2006 (UTC)
Mitt første utkast til liste var alfabetisk, men ein annan bm-bruker endra til kronologisk, og eg seg nå at den kronologiske har eit poeng. Alfabetet kan rekonstruerast lett, kronologien gjer det lett å sjå dei skiftande resonnementa i utnemningane. --Orland 06:06, 18 august 2006 (UTC)
Eg trur også det kronologiske er betre, alfabetisk ordning har vi i kategorien (når vi har ein artikkel for dei alle...) Trondtr 07:07, 18 august 2006 (UTC).

[endre] Aktionsart

Du scheinst grammatikalisch bewandert zu sein. Ich habe mich ohne Sackenntnis an den Tabellen versucht. Die waren ein bisschen konfus. Kannst Du mal drüberschauen? --Troxx 21:11, 11 oktober 2006 (UTC)

Nja, daß kann ich vielleicht. Ich habe die Aktionsart-Tabellen gelesen, sie scheinen ok zu sein. Was war denn die Frage? Trondtr 21:46, 11 oktober 2006 (UTC)

[endre] Hylling!

For flott innsats med Sovjetisk språkpolitikk, som var ein informativ og lærerik artikkel om eit originalt emne! MH
For flott innsats med Sovjetisk språkpolitikk, som var ein informativ og lærerik artikkel om eit originalt emne! MH

[endre] Fornorsking av samer

har sett på no:Fornorsking av samer tidligere, og den er fortsatt full av merkelige påstander. Har du noen som er noenlunde edruelige og som kjenner samisk historie? Det virker umiddelbart som om artikkelen er skrevet av noen uten forhold til samisk historie, men som kanskje er mer opptatt av å argumentere mot religion. Jeblad 01:56, 4 desember 2006 (CET)

Kvifor diskuterer Jeblad ein artikkel på bokmål Wikipedia her på nynorsk Wikipedia?--Sigmundg 02:09, 4 desember 2006 (CET)
Fordi han vil komma i kontakt med Trond så fort som muleg. :-) Olve 02:36, 4 desember 2006 (CET)
...og det fungerte fint. Ja, det er rett, handsaminga av samisk historie på bokmålswikipediaen er prega av mykje ustrukturert vas, men den raude tråden er at det er ein del engasjerte folk som skriv om tema dei berre har omtrentleg kunnskap om, men eit sterkt engasjement for («nordmennene kom først-falangen» har halde seg til Sagat sine spalter, og ikkje komme til Wikipedia enno, heldigvis). Her på nynorskwikipediaen har vi ein litt anna bakgrunn, så det står mindre tull her, men det er ingen grunn til å skryte, resultatet er at det omtrent ikkje står noko om samisk historie i det heile. Dette er eit viktig tema, samisk historie er sterkt vektlagt i Kunnskapsløftet, og wikipedia er den totalt dominerande kjelda skoleelevane bruker. I eit slikt perspektiv bør samisk historie vere prioritert, både her og på nb. Trondtr 07:33, 4 desember 2006 (CET).
Det er vanlig å bruke diskusjonssider på kryss og tvers av språk og målfører, uavhengig av andre diskusjonsfora, for å komme i kontakt med aktuelle brukere. Hvis en ikke skulle kunne gjøre dette ville Wikipedia som fellesprosjekt rett og slett falle fra hverandre i separate enkeltfragmenter. For eksempel ville det bli helt umulig å kjøre iw-bots om en ikke kunne diskutere artikler uavhengig av hva språk brukeren kommer fra. Idag fremstår de forskjellige språkene som uavhengige enkeltprosjekter under en felles paraply. La oss fortsette på denne måten og motstå fristelsen til å gå i skyttergraver for å sloss for tildels sære prinsipper. Jeblad 07:55, 4 desember 2006 (CET) 07:54, 4 desember 2006 (CET)
Eg meinte ikkje å argumentera i mot slik diskusjon. Eg var berre litt treig i skallen. Men no har det gått opp eit adventsljos.....--Sigmundg 08:03, 4 desember 2006 (CET)
Slik som at Trondtr er nokså sentral på samisk Wp? :D Jeblad 17:51, 7 desember 2006 (CET)

[endre] Sámi wikipedia

I'm not sure where everyone is anymore, but the Sámi wikipedia is being subjected to spam that I can't do anything about as I'm not a moderator there. For instance, at least the first two most recent articles are spam or patent nonsense se:Special:Newpages. I'm also posted this on Tsujigiri's user page. Do you know where Skuolfi is at? I'm starting to wonder if I'm the only person left on that wikipedia and considering I don't speak Sámi as my mother tongue and I rarely get a chance to use Northern Sámi nowadays, I'm sure the articles I've created are full of grammatical mistakes :/ -Yupik 12:21, 7 desember 2006 (CET)

Good question. No, I have not had a look for a while. You should consider becoming a moderator there, btw. I am a moderator, though, and I'll have a look. My mother tongue is also not Sámi, and I have had other things to do lately. Somehow, one hopes for more interest among Sámis for the project. 1000 articles with little content is of course a potential encyclopedia, it should get closer to 10000 before it starts getting useful. But at the same time, the fundament is good, and of all the would-be wikipedias, it is definitely one of the ones closest to becoming something. Trondtr 14:17, 7 desember 2006 (CET).
It seems Tsjuigiri has fixed it, but I will keep a more active eye on it. Trondtr 15:31, 7 desember 2006 (CET).

[endre] Automatiske oversettelser mellom bokmål og nynorsk

En bruker fra serbisk wp (millosh) var innom på #wikipedia-no og lurte på om det var noe interesse for å dra i gang et prosjekt for automatisk oversettelse mellom målførene. De har vist en tilsvarende situasjon der nede med noen nabospråk. Jeg kan ikke noe særlig om motorer for slik automatisk oversettelse, og sendte han derfor videre til deg. selv tror jeg vel dette kan bli veldig komplekst ig arbeidskrevende. Jeblad 17:56, 7 desember 2006 (CET)

Det hadde det vore artig å vite meir om. Eg har ikkje vore innom desse irc-kanalane, så eg veit ikkje kva som er sagt der. Sjølv har eg sett på om vi kunne få til noko frå bokmål til nynorsk (nb har omtrent ti gonger så mange brukarar og fem gonger så mange artiklar), det finst eit dataprogram (Nyno) og eit prosjekt for det. Problemet er at vi har venta på å få ei modulær utgåve av Nyno, og derfor ikkje har starta opp. Det serbarar og kroatar kanskje kan bidra med er ein infrastruktur for wiki-delen av dette (maskinomsetjingsprogrammet må instruerast til å handsame wikiformateringa av artiklane på ein fornuftig måte. Men viss du har fleire referansar er det fint. Trondtr 21:39, 7 desember 2006 (CET).

[endre] se:template:riika

Eg oppretta nett ein infoboks for land på samisk Wikipedia. Eg snakkar ikkje samisk sjølv, så kan du prøve å omsetje resten? Eg la berre inn det eg fann på se:Norga. --EIRIK\diskusjon 21:16, 9 desember 2006 (CET)

Hei, og fint at du engasjerer deg på samisk Wikipedia. Eg var og såg på malen, og omsette ein del. Men eg gjorde ikkje omsetjinga ferdig, for eg vart litt usikker på korleis malen skal sjå ut. Skal vi bruke norsk eller samisk for plasshaldarane for dei ulike felta? (feltnaman som skal stå i teksten skal sjølvsagt berre vere på samisk).Det siste alternativet vil gjere det lett å gå inn og oppdatere slike faktaboksar for dei som ikkje kan samisk, dette er ein flott aktivitet, som eg håpar vi får sjå meir av.. Trondtr 00:32, 10 desember 2006 (CET)..

[endre] Admin?

Det er komme opp forslag om å utnemne deg til admin. Er dette eventuelt greitt for deg? Håpar det er det, for eg trur du ville bli ein verkeleg god admin her! :-) Olve 01:22, 12 desember 2006 (CET)

Ja, eg kan godt bli administrator. Trondtr 07:52, 12 desember 2006 (CET).

[endre] Nordnorsk magasin

Så flott at du skriv om Hans Kristian Eriksen og Nordnorsk magasin. Desse artiklane trengte vi! stykkjet 10:59, 20 desember 2006 (CET)

Takk for det. Litt meir tekst hadde heller ikkje vore av vegen. Trondtr 18:08, 20 desember 2006 (CET).

Static Wikipedia (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -

Static Wikipedia 2007 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -

Static Wikipedia 2006 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu

Static Wikipedia February 2008 (no images)

aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu