Torkel Ravndal
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Torkel Ravndal (1936—13. september 2004) var ein styrkeløftar frå Jæren som ei tid var han kjend som «Europas sterkaste mann». Ravndal starta på ei karriere som styrkeløftar, og sette tidleg på 1970-talet verdsrekord i markløft. Til OL i 1972 vart han ikkje med, men starta i staden på å reisa rundt som muskelmann. Han imponerte med å løfta for eksempel bilvrak og fleire menneske på ei jernstong. Etter kvart vart han ein kjendis det gjekk mange historiar om. Mellom anna vart det sagt at han spesielt likte å løfta kvinner og jenter.
Ravndal vaks opp på Figgjo i Sandnes kommune i Rogaland. Han døydde på Bryneheimen sjukeheim. Såleis var han ein jærbu så god som nokon.