Tolga
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 0436 |
Fylke: | Hedmark |
Administrasjonssenter: | Tolga |
Flatevidd: | 1 122,0 km² |
Folketal: | 1 781 (2004) |
Målform: | Nøytral |
Internettside: | www.tolga.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Marit Gilleberg (AP) 2003-2007 |
Tolga er ein kommune i Hedmark.
[endre] Historikk
Tolga vart oppretta som Tolga formannskapsdistrikt i 1837.
1. januar 1911 vart det gjennomført grensejusteringar i Tolga, Trysil, Ytre- og Øvre Rendal kommunar for å opprette Engerdal kommune. Eit område med 201 innbyggjarar frå Tolga vart overført til den nye kommunen.
I 1926 vart Tolga delt og Os skilt ut som eigen kommune. Etter delinga hadde Tolga 1 917 innbyggjarar.
1. januar 1966 vart Tolga og Os kommunar slegne saman til den nye Tolga-Os kommune. Tolga hadde ved samanslåinga 1 944 innbyggjarar.
1. januar 1976 vart Tolga-Os delt på nytt i Tolga og Os. Tolga kommune hadde eit innbyggjartal på 1 865 etter delinga.
[endre] Kjende personar frå Tolga kommune
- Egil Storbekken (1911–2002), musikar og komponist
- Arnljot Eggen (1923– ), lyrikar
- Eystein Eggen (1886–1973), lyrikar, journalist og bygdebokskrivar
- Eystein Eggen (1944- ), forfattar, statsstipendiat
[endre] På verdsveven
|
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |