Øvre Rendal
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Øvre Rendal er ein tidlegare sjølvstendig kommune i Hedmark, ein del av Rendal formannskapsdistrikt frå 1837.
I 1880 vart Rendal delt i Øvre- og Ytre Rendal kommunar. Øvre Rendal hadde då 1 868 innbyggjarar.
1. januar 1965 vart Øvre- og Ytre Rendal kommunar slegne saman til den nye Rendalen kommune. Øvre Rendal hadde ved samanslåinga 1 629 innbyggjarar.
Etter grensejusteringar i Øvre- og Ytre Rendal, Tolga og Trysil kommunar, vart Engerdal oppretta som eigen kommune 1. januar 1911. Frå Øvre Rendal vart eit område med 381 innbyggjarar lagt til den nye kommunen.