Tarjei Vesaas
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tarjei Vesaas (20. august 1897–15. mars 1970) var ein norsk forfattar fødd i Vinje i Telemark. Forfattarskapen omfatta for det meste romanar, men i tillegg kom dikt, noveller og skodespel.
Innhaldsliste |
[endre] Verk
Vesaas henta dei fleste av sine metaforar og symbol frå naturen. Naturen fungerar som resonansbotn for kjenslene og driftene til dei oppdikta personane. Oppbyggjelege element finst nesten alltid i Vesaas sine bøker. Opp mot dei mørke kreftene, livs- og dødsangsten, framandkjensla og sjølvdestruktive krefter vert det stilt opp lysare livskrefter. I kaoset er det alltid ein impuls til orden. Sjølv om Vesaas let mange av romanpersonane gå til grunne, finst det alltid eit håp for dei overlevande. Grunnverdiane kjem fram i komposisjon, tematikk og symbol.
Av symbolske/allegoriske romanar som Vesaas skreiv kan nemnast Huset i mørkret, Signalet, Brannen og Båten om kvelden, medan Kimen, Vårnatt, Fuglane, Is-slottet, og Bruene er realistiske/symbolske romanar. Grensetilfelle er Bleikeplassen og Tårnet.
[endre] Liv
Tarjei Vesaas var frå 1934 gift med forfattarinna Halldis Moren Vesaas.
[endre] Ettermæle
I 1964 vann Tarjei Vesaas Nordisk råds litteraturpris for boka Is-slottet. For pengane oppretta han eit legat som kvart år skal gje ein pris til den beste unge skjønnlitterære debutanten — Tarjei Vesaas' debutantpris.
[endre] Nokre utgjevingar
- Menneskebonn (1923)
- Dei svarte hestane (1928)
- Det store spelet (1934)
- Kvinner ropar heim(1935).
- Kimen (1940)
- Huset i mørkret (1945)
- Bleikeplassen (1946)
- Signalet (1950)
- Vindane (1953)
- Fuglane (1957)
- Is-slottet (1963).
- Liv ved straumen (1970)