Swing-jazz
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Swing-jazz eller berre swing, er ein musikksjanger innanfor jazzen som ofte vert framført av band med 10-15 musikarar og ein «bandleiar». Swing-sjangeren utvikla seg i Sambandsstatane på 1920- og 1930-talet.
Sjølv om musikksjangeren swing på sett og vis er opphavet til dansen swing, vert swingdans i Noreg no for tida dansa til heilt andre typar musikk. Namnet swing bør difor ikkje forvekslast med uttrykket swing-musikk, som i Noreg oftast vert brukt om musikken ein dansar dansen swing til.
Nokre kjende bandleiarar og musikarar innanfor swing-sjangeren:
- Count Basie
- Duke Ellington
- Benny Goodman
- Glenn Miller
- Louis Armstrong
Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over musikkspirer. |