Swingdans
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Swing er eit samnamn på fleire dansar som alle har røter i dansen lindy hop, og som til vanleg vert dansa til rock 'n' roll eller danseband-musikk.
Swing-dansen har ein sterk kultur i Noreg, der han vert rekna for ein sportsdans og det vert arrangert meisterskap over heile landet, året rundt. Norsk swing kan samanliknast med svensk «bugg», sjølv om det er fleire skilnader.
På grunn av swingdansen si sterke stilling i danse-Noreg, vert musikksjangrane rock'n'roll, rockabilly, boogie-woogie og danseband-musikk i Noreg ofte kalla swing-musikk, noko som ikkje bør forvekslast med den musikksjangeren som internasjonalt går under namnet swing, som det slett ikkje går an å dansa «norsk» swing til. Dette fører ofte til mistydingar når gjestar på dansegolvet bed DJ-en eller bandet om å «spela nokre swing-låtar».
Denne idrettsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over idrettsspirer. |