Stokkand
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stokkand |
||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Systematikk | ||||||||||||||
|
Stokkand (Anas platyrhynchos) er den største av grasendene våre og er ogso den vanlegaste.
Innhaldsliste |
[endre] Kjenneteikn
Ein vaksen andrik vert omlag 1,5 kg og er 50-65 cm lang med eit vengjespenn på 81-98 cm. Hoa er litt minder med sine 1,3 kg. Hoa har lysebrunt nebb med enkelte mørke sjatteringar, medan andrikken har einsfarga grøngult nebb. Vingene til stokkanda har eit karakteristisk blått område med kvite band framfor og bak. Andrikken skiftar utsende og frå november til mai har den praktdrakt med eit skinnande grønt hovud.
[endre] Forvekslingsart
Stokkanda kan forvekslast med fleire andre grasender, slik som skeiand, stjertand og brunnakke. Skeianda har eit kraftig nebb og eit blått felt fremst på vingen, denne er ogso betydeleg minder enn stokkanda. Stjertanda er slankare og har ein lenger hals enn stokkanda. Brunnakken er betydeleg minder og har eit kvitt felt på oversida av vingen.
[endre] Utbreiing
Stokkanda er vanleg i heile Noreg. Ho er veldig tilpassingsdyktig og held til frå skjærgården og heilt opp til vierregionen. Arten er jaktbar og årleg vert det felt omlag 50 000 stokkender.