Søgne
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 1018 |
Fylke: | Vest-Agder |
Administrasjonssenter: | Tangvall |
Flatevidd: | 148 km² |
Folketal: | 9609 (2006) |
Målform: | Bokmål |
Internettside: | www.sogne.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Eli Løite (H) 2003 |
Søgne er ein kommune sør i Vest-Agder fylke. Søgne er ein kystkommune, mellom kommunane Kristiansand, Marnardal, Songdalen og Mandal. Søgne er kjend for sin skjergard med 1 229 holmar og skjér. Kommunen er den i landet med flest soltimar i året. Fleire kjende diktarar og kunstnarar har budd i Søgne, mellom anna Bjørnstjerne Bjørnson og Vilhelm Krag. Namnet Søgne kjem av elva med namnet Sygna frå norrønt språk, no Søgneelva. Namnet tyder Sygna-dalen'.
Kommunesenteret ligg på Tangvall.
Frå Høllen, som er Søgne si "hamn", kan ein ta rutebåt til dei folkesette øyane Ny-Hellesund og Borøya. I tillegg kan ein vitja Olavsundet og kystfortet i Ny-Hellesund. I Høllen låg det tidlegare eit båtbyggeri/verft.
[endre] Historie
1030 (om lag) - Runesteinen, som står ved Søgne Gamle Prestegard, vart laga. "Øyvind reiste denne steinen etter Gunnvald, son sin".
1842 - Stor skipskatastrofe utanfor Søgne. Det russiske skipet "Ingermanland" havarerte. Om lag 400 menneske omkom. 1885 - Amaldus Nielsen malte i Ny-Hellesund, mellom anna "Morgen ved Ny-Hellesund".
1917 - Vilhelm Krag fekk "Havbugta" i Ny-Hellesund i gåve. Han budde der store deler av året og døydde der den 10. juli 1933.
1931 - Den fyrste norskbygde dieselmotor for småbåtar vart bygd i Høllen av Ole Tjomsland.
1940 - 1945 2. verdskrig Tysk okkupasjon. Festningsverk vart oppført på Helgøya i Ny-Hellesund(Kystfortet), og på Braneset på Åros og på Lastad ved utløpet av Trysfjorden.
1959 - Anne Marie Rasmussen vart 24. august vigd til Steven Rockefeller i Søgne hovudyrkje med heile verdspressa til stades (over 200 journalistar).
1966 - Kristen Fløgstad vart noregsmeister i lengdehopp for juniorar. Fløgstad var med i finalen i Dei olympiske leikane i 1972. Personlege rekordar: 8,02 m i lengde og 16,44 i tresteg.
1994 - Sensasjonelt steinalderfunn under vatn ved Hummervigholmen i Søgne. Steinalderkvinna "Sol", Frua frå havet, levde i Søgne for 8 600 år sidan.
2003 - Bageriet brenn på Tangvall. Under tomtearbeidet ved atterreisinga vert det funne restar av 6 tyske einmanns-ubåtar av typen Biber (Tysk nettstad med ubåtinformasjon) som vart gravne ned i 1945. Ein av ubåtane er tenkt restaurert for utstilling.
[endre] På verdsveven
|