Rugde
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rugde |
||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Systematikk | ||||||||||||||
|
Rugde (Scolopax rusticola) er ein fugl i snipefamilien. Rugde vert brukt som mat og det vert drive jakt på fuglen.
Innhaldsliste |
[endre] Kjenneteikn
Rugda har ein varmbrun farge med svarte tverrstriper i nakken. Kjønna er like og dei er korte og butte i fasongen. Vekta er 250-400 gram og lenga er 36 cm.
[endre] Forplanting
Rugdehunnen får 4 egg, som ho ruger ut. Det er ogso hunnen som passar på kyllingane. Rugda har ofte 2 kull om året.
[endre] Utbreiing
Rugda held til i skogområder nord til polarsirkelen. Lenger nord er den sjaldan. Ungfugl kan ein treffe på i høgfjellet og elles mest i fuktig skogsterreng. Ein finn den ofte i typisk jerpeterreng.
[endre] Bakgrunnsstoff
Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over biologispirer. |