Rudolf Breitscheid
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rudolf Breitscheid (2. november 1874-24. august 1944) var ein leiande politikar i det sosialdemokratiske partiet SPD og delegat til riksdagen under Weimar-republikken Tyskland.
Breitscheid var son av ein bokhandlar i Köln. Han tok gymnas i heimbyen, og studerte sidan økonomi ved universiteta i München og Marburg. Han tok doktoratet sitt i 1898. Frå 1898 til 1905 arbeidde han som redaktør og korrespondent for aviser med liberalt grunnsyn. Mellom 1903 og 1912 var han med i liberale politiske grupper, men slutta seg dette året til SPD. I 1917 gjekk han vidare til det meir venstreorienterte USPD, som bestod av krigsmotstandarar frå SPD.
Etter kløyvinga av USPD, var Breitscheid med i den gruppa som i 1922 gjekk tilbake til SPD. Han var riksdagsmann, SPD-gruppa sin talsmann i utanrikssaker, og medlem i den tyske delegasjonen til Folkesambandet.
Etter at Adolf Hitler og nazistane kom til makta i 1933, måtte Breitscheid rømme til Frankrike. I 1941 vart han der arrestert av Gestapo og internert i den illgjetne konsentrasjonsleiren Buchenwald.
Presise detaljar om Breitscheid sine siste år er vanskeleg å få tak i, då mesteparten av informasjonen kjem frå nazi-kjelder. Ifølgje desse døydde Breitscheid og KPD-leiaren Ernst Thälmann i eit bombeåtak. Når det gjeld Thälmann er dette ikkje rett, så det kan vere like feil i Breitscheids tilfelle. Han kan liksom Thälmann ha vorte drepen på ordre frå høgste hald. Iallfall døydde han i ein nazistisk konsentrasjonsleir, så det er klart kor ansvaret for dødsfallet ligg.
I dag er ein plass i sentrum av Berlin oppattkalla etter Breitscheid, og i Kaiserslautern, Potsdam og Dresden er det gater som ber namnet hans.
Kjelde: Tysk wikipedia [1]