Romanen Beatles
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Beatles er ein roman frå 1984, skriven av Lars Saabye Christensen. Ho markerte det store gjennombrotet hans og gav han Cappelenprisen. Beatles er historia om fire oslogutar av 1965-årgang med rockegruppa The Beatles som det store førebiletet.
Det er fyrst og fremst ein oppvektsroman, heimstadsdikting frå det eigne universet til Christensen; området rundt Skillebekk i Oslo i 1960–70-åra. Boka startar i 1965, da hovudpersonane er i tidleg tenårsalder, og sluttar i 1972, da dei er ferdige med gymnaset og går kvar sin veg. Boka er full av samtidsreferansar. Beatles er blitt omsett til mange språk og er seld i meir enn 150 000 eksemplar.