Ratatosk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ratatosk, på norrønt Ratatoskr, er i norrøn mytologi eit ekorn som lever i verdstreet Yggdrasil-asken.
I toppen av treet sit ei ørn. Mellom augene på ørna sit hauken Verfølne. Ørna og hauken ser det meste som skjer i verda. Ved eine rota til Yggdrasil, i Nivlheim, ligg draken Nidhogg og skadar rota.
Ekornet Ratatosk spring som bodbringar mellom toppen og rota av verdstreet. Han er bodbringar frå ei verd til ei anna. Han talar med alt frå æsene til nornene.
Snorre Sturlason skriv i den yngre Edda at ekornet yppar til strid mellom Nidhogg og ørna.
I Grimnesmål er Ratatosk omtala:
- Ratatosk heiter eit ikorn
- Han skal springa
- på aska Yggdrasil
- orda til ørna skal han bera ovanfrå
- og seia til Nidhogg nedanfor
På norrønt:
- Ratatoskr heitir ikorni,
- er renna skal
- at aski Yggdrasils;
- arnar orð
- hann skal ofan bera
- ok segia Niðhöggvi niðr.
(Grímnismál 32)