Det Norske Teatret
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det Norske Teatret er eit teater som spelar på nynorsk og norske målføre. Teatret ligg i Oslo og vart skipa den 22. november 1912 med Hulda Garborg som styreformann.
6. oktober 1913 hadde det si fyrste framsyning. Det var Jeppe på Berget av Ludvig Holberg, omsett av Arne Garborg. Opninga skjedde med kong Håkon 7. til stades. Framsyningane etterpå var prega av teaterslag i gata utanfor teatret, der riksmålsungdomar prøvde å få stogga framsyningane. Noko det same hende i 1948, då teatret framførde Peer Gynt i nynorsk omsetjing og musikk av Harald Sæverud.
Dei fyrste åra heldt teatret hus i teatersalen hjå Bondeungdomslaget i Oslo, sidan flytte det til Stortingsgata 16. Der heldt det hus til det fekk eit nytt bygg i Kristian IVs gate i 1985.
Teatret er særleg kjend for å spele musikkspel, dei største suksessane gjennom tidene har vori Les Miserables, Cats og Piaf.
Som det einaste større teatret i Noreg er Det Norske Teatret privat ått, av lutlaget Det Norske Teatret LL. Sidan staten gjev om lag 100 millionar kr i årleg tilskot peikar i røynda staten ut styrefleirtalet.
Bondeungdomslaget i Oslo er største eigar, elles eig mållag og ungdomslag over heile landet mesteparten.
Teatersjef er Vidar Sandem.
[endre] Eksterne lenkjer
Kategoriar: Teater | Målrørsla | Nynorsk