Petter Dass
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Petter Dass (1647–1707) var ein norsk teolog og diktar. Han var sokneprest i Alstahaug i Nordland fylke.
Petter Dass var son av Peiter Dundas (frå Skottland) og Maren Falch. Han vart fødd på Herøy og vaks opp på Nærøy i Nord-Trøndelag fylke. Han gjekk på skule i Bergen, og studerte sidan teologi i København. Ei tid var han huslærar hjå presten i Vefsn, og gifta seg med dottera til Vefsnpresten. Seinare vart han kapellan på Nesna, og sokneprest i Alstahaug frå 1689 til han døydde i 1707. I tillegg til å vera prest, dreiv Petter Dass òg med handel.
Han er mest kjend for å ha skrive Nordlands Trompet som skildrar landsdelen. I tillegg skreiv han ei rad songar, salmar og forklaringer til katekisme og bibelhistorie på vers. Dass var ein godt lika prest og forfattar, og vart seinare ein figur i mange segn i folkeleg tradisjon.
[endre] Dikting
- Aandelig Tidsfordriv eller Bibelske Viisebog
- Luthers lille Katechismus, forfattet i bekvemme Sange
- Nordlands Trompet
- Den Nordske Dale-Viise
- Trende bibelske Bøger
- Evangelier, sangvis forfattet
- Div. viser og rim
Eg er berre ei spire med tankar få eg veks berre til om du fyller på |
Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide denne spira.. | |
Oversyn over litteraturspirer. |