Diskusjon:Petter Dass
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Då eg prøvde å finne ut kven som hadde laga statuen (Skule Waksvik) fann eg denne artikkelen: http://www.nored.no/artikkelbase/sfopphav99.html Har me eigentleg lov til å bruke bilete av denne statuen? --Jorunn 30. juli 2005 kl. 19:03 (UTC)
- Nei, når statuen er hovudfiguren i bildet har me dessverre ikkje det. Det same gjeld forresten Sverd i fjell, som snart vill bli sletta frå Commons. -- Ranveig 31. juli 2005 kl. 08:57 (UTC)
-
- Når det gjeld Petter Dass går det vel truleg å finna avbildingar som ikkje er opphavsrettverna, så det er vel ikkje så farleg eigentleg, men når det gjeld nyare fenomen som Sverd i fjell inneber opphavsrettsvernet kanskje at me ikkje får illustrert artikkelen om monumentet, og det er jo dumt. I ein artikkel om Sverd i fjell seier eit bilete meir enn tusen ord. Viss det lot seg gjere å ta eit bilete av meir av området rundt, der sjølve monumentet ikkje så tydeleg er hovudpunktet i biletet ville det då vere mogleg å bruke eit bilete med Sverd i fjell i biletet? Ditto med til dømes Frognerparken, er det lov å bruke eit bilete av heile brua i parken, men ikkje eit nærbilete av til dømes Sinnataggen? Eller eit bilete av Torgalmenningen i Bergen og få med Sjøfartsmonumentet (Dyre Vaa) i biletet, men ikkje ha eit bilete berre av Sjøfartsmonumentet? --Jorunn 31. juli 2005 kl. 17:08 (UTC)
-
-
- Som du kanskje såg i artikkelen er grensene svært uklåre. Arvind seier: Så lenge den opphavsrettsverna tingen er hovudmotiv for bildet, er det ufritt. Kva tid noko er hovudmotiv og ikkje er sjølvsagt ikkje alltid lett å sei. Eit bilde av heile Møllebukta med Sverd i fjell i utkanten, og ei bildeskildring som seier «Sverd i fjell set sitt preg på Møllebukta» (og ikkje «Eit bilde av Sverd i fjell»), skulle me ha vårt på det tørre. Det same gjeld Torgallmenningen. -- Ranveig 31. juli 2005 kl. 17:23 (UTC)
-