Pengő
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pengő var tidlegare valutaen i Ungarn og vart brukt mellom 21. januar 1927 og 31. juli 1946, då den vart erstatta av forint etter ein periode med hyperinflasjon. Ein pengő var 100 fillér.
[endre] Introduksjonen av pengően
Etter fyrste verdskrig var den austerrike-ungarske krona utsett for ein kraftig inflasjon. I Ungarn vart ein ny valuta introdusert, pengően, i byrjinga svara 3 800 pengő til 1 kilo gull og 1 pengő svara til 12 500 austerrikske kroner.
[endre] Slutten for pengően
Pengőn tapte verdi etter andre verdskrig då den opplevde den høgste hyperinflasjonen som nokonsinne har hendt. Ingenting kunne stoppe hyperinflasjonen.
Den største nemninga som vart innført var ein 1021 pengő, dei vart trykt, men var aldri i bruk (sjå bilete). Den største nemninga var i bruk var ein 1020 pengő (sjå bilete).
Den ungarske økonomien kunne berre stabilierast gjennom å innføre ein ny valuta. Den 1. august 1946 vart forinten inført til ein pris av 4·1029 pengő.