Pave Paul VI
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pave Paul VI | |
Paulus VI | |
Dåpsnamn: | Giovanni Battista Enrico
Antonio Maria Montini |
Fødd: | 26. september 1897, Sarezzo i Italia |
Død: | 6. august 1978, Castel Gandolfo i Italia |
Vald: | 21. juni 1963 - |
Innsett: | 30. juni 1963 |
Saligkåra: | Ikkje saligkåra |
Heilagkåra: | Ikkje heilagkåra |
Festdag: | Ingen |
Føregjengar: | Pave Johannes XXIII |
Etterfylgjar: | Pave Johannes Paul I |
Pave Paul VI (26. september 1897–6. august 1978) var leiar for den katolske kyrkja og Vatikanstaten frå 1963 til 1978. Han hadde makta under store delar av det andre vatikankonsilet og fekk ansvaret for å setta ut i livet mange av reformane det hadde vedteke. Paul VI var den siste paven som blei krona, den første som møtte leiaren for den anglikanske kyrkja, og den første sidan 1400-talet som møtte patriarken av den ortodokse kyrkja.
Paven blei fødd som Giovanni Montini inn i ein lokal adelsfamilie i Sarezzo i den italienske provinsen Brescia. I 1916 byrja han på presteseminaret og blei prestevigd i 1920. Deretter studerte han ved det pavelege universitetet Gregoriana, Universitetet i Roma og andre institusjonar.
Innhaldsliste |
[endre] Vatikanstigen
I 1937 tok karrieren hans i den romerske kurien til. Han blei då utnemnt til vikar for ordinære sakar i statssekratariatet under kardinal Eugenio Pacelli. Da Pacelli blei veld til pave under namnet Pius XII i 1939, rykka Montini opp til sekretærstillinga for den nye statssekretæren.
[endre] Andre verdskrigen
Då denne døydde i 1944 tok paven på grunn av krigen personleg over ansvaret for stillinga, og Montini fortsette som sekretær for han.
Mykje av det som skjedde i statssekretariatet under andre verdskrigen er uklart, og Montini blei seinare kritisert for kontakten med den italienske fascistiske utenriksministeren Galeazzo Ciano og med tyske nazistiske styresmakter. I følge kritikar skal han ha skaffa Vatikanstaten fordelar gjennom å gje etter for italienske og tyske krav. Dette avviste han sjølv, og seriøse historikarar har i liten grad implisert han i eventuelle hestehandlar som kan ha funne stad.
Han skal ha skaffa store summar som blei brukte til å hjelpa europeiske jødar å flykta, men er samstundes skulde for å ha hjulpe høgtståande nazistar med å gjera det same etter krigen. Som nær medarbeidar til Pius XII blir han rekna som ein av dei politiske figurene med størst innverknad frå krigsperioden. Mellom anna skal han ha vore involvert i eit forsøk på å inngå separatfred mellom Italia og USA, men den italienske kronprinsessa Maria José rakk ikkje fram til Vatikanet tidsnok til å møta den amerikanske utsendinga Myron Taylor.
[endre] Erkebiskop
I 1953 blei Montini erkebiskop av Milano, noko som er eitt av dei viktigaste kyrkjeembeta i Italia. Normalt blir ein slik erkebiskop gjort til kardinal ved neste konsistorium, men dette skjedde ikkje denne gongen. Det skulle seinare visa seg at han hadde sagt nei til denne vørnaden ved eit hemmeleg konsistorium i 1952.
Montini var altså ikkje kardinal då Pius XII døydde i 1958. Likevel var det mange som meinte han ville bli den neste paven, noko han sjølvsagt kunne blitt ettersom alle ugifte, konfirmerte katolske menn kan veljast til pave. Embetet gjekk likevel til kardinalen Angelo Roncalli, som tok navnet Johannes XXIII. Kort tid etter gjorde han Montini til kardinal.
[endre] Pave
I tida som følgde blei Montini ein viktig støttespelar for Johannes XXIII, og både paven sjølv og andre såg på han som ein openbar etterfølgjar. Montini skal likevel òg ha blitt kalla «vår Hamlet» av paven, ettersom han stadig var usikker og hala ut tida når han skulle ta avgjerder.
Då Johannes XXIII døydde av kreft den 3. juni 1963 var Montini ein sterk pavekandidat, ettersom han hadde vore svært engasjert i det andre vatikankonsilet og heilt sikkert ville fylgt same linja som den gamle paven. Han blei vald den 21. juni og formelt innsett som Paul VI den 30. juni. Kroningsseremonien for ein ny pave var allereie blitt kraftig innskrenka. Dette var den siste paven som vart krona; etter han avskappa Johannes Paul I heile seremonien.
[endre] Paveverk
I 1965 etablerte Paul VI Bispesynoden, eit av dei katolske styringsorgana som sikrar kommunikasjon mellom biskopane. Han haldt to sakar unna verkefeltet til synoden: Prestesølibat og prevensjon. Begge deler omtalte han seinare i encyklikaer.
[endre] Tvil
Samanlikninga med den vinglande prinsen Hamlet skulle visa seg å passa. Paul VI sleit til tider med å ta avgjerder, særleg i vanskelege saker. Då den amerikanske kardinalen John Patrick Cody blei anklaga for økonomiske og seksuelle brotsverk klarte paven ikkje bestemma seg for kva han skulle gjera, og kalte ved eit tilfelle tilbake sendemannen sin frå Roma flyplass då han var på veg til USA for å avsetja kardinalen. Cody blei sitjande til han døydde.
Paven klarte heller ikkje å handtera opprøret til erkebiskop Marcel Lefebvre som nekta å akseptera endringane frå det andre vatikankonsilet. Saken blei ståande til etter at Paul VI døydde; det var til slutt Johannes Paul II som ekskommuniserte Lefebevre.
[endre] Reising
Paul VI var den første paven som vitja alle dei fem verdsdelane, og var den paven som hadde reist mest i historia fram til Johannes Paul II slo rekorden. Han fikk derfor tilnamnet Pilegrimspaven.
Under eit besøk på Filippinane i 1970 blei han utsett for eit attentat. Den offisielle uttalinga frå Vatikanet fortalte at han kom uskadd ifrå det, men uoffisielle kjelder hevda at han fikk eit knivstikk utan å bli påført alvorleg skade.
[endre] Skrifter
Encyklikaen Humanae Vitae (Menneskelivet) blir rekna som ei av dei mest kontroversielle sidene ved Paul VI si pavetid. Ein kommisjon oppretta av Johannes XXIII for å drøfta spørsmålet om kunstig prevensjon hadde konkludert med at kyrkja burde gjennomgå standpunktet sitt på dette. Paul VI var ikkje einig, og skildra dette i Humanae Vitae, noko som vakte oppsikt og blei kritisert. Verket handlar samstundes om mykje anna enn prevensjon, og er eit viktig katolsk skrift om kristen seksualitet og seksualmoral.
[endre] Slutten av pontifikatet
Mot slutten av pavetida si kjente Paul VI at alderen pressa på, og vurderte åpent å abdisera. Igjen blei han sitjande utan å ta noko avgjerd, og til slutt tok døden avgjerda for han.
Nokre månader før han døydde forretta paven i gravferda til den italienske statsministeren Aldo Moro som var blitt myrda av Røde brigader. Paven og Moro kjente kvarandre frå den katolske studentorganisasjonen FUCI der dei hadde vore aktive fleire år tidlegare.
Paul VI døydde i Castel Gandolfo, sommarbustaden til pavane, og blei gravlagd i krypten i Peterskyrkja.
Føregjengar: Johannes XXIII |
Pave |
Etterfylgjar: Johannes Paul I |