Oter
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Europeisk oter |
||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Europeisk oter Lutra lutra |
||||||||||||||
Systematikk | ||||||||||||||
|
||||||||||||||
Vitskapleg namn | ||||||||||||||
Lutra lutra Linné, 1758 |
Oter eller europeisk oter (Lutra lutra) er eit dyr som lev delvis i vatn, delvis på land. Det er eit rovdyr i mårdyrfamilien. Globalt finst fleire oterartar langs kystane av den nordlege halvkula. Verdifull pels og skotpremiar sette oterbestanden i fare og i 1982 vart oteren totalfreda. I dag ser den norske oterbestanden ut til å vere i framgang, særleg frå Møre og nordover.
Oteren sin diett består i hovudsak av fisk, men òg krepsdyr, amfibiar, fuglar, smågnagarar og haredyr vert etne. Oteren er glad i oppdrettslaks og kjem ofte i konflikt med fiskeoppdrettarar.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Faktaark om oter - frå Norsk Zoologisk Foreining
- Artsfakta om oter - frå NINA