Ormen Lange-feltet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ormen Lange er eit naturgassfelt under utbygging på norsk kontinentalsokkel. Ormen Lange er rekna for å vera Noreg sitt nest største gassfelt, etter Trollfeltet.
Feltet Ormen Lange vart oppdaga av Norsk Hydro i 1997. Etter planen vil utvinning av gass frå feltet ta til for fullt i 2007. Feltet ligg på frå 800 til 1100 meters djup i Norskehavet, om lag 100 km nordvest av Møre- kysten. Utbygginga er rekna som vanskeleg av di det ligg i rasgropa til Storeggaraset. Raset gjekk for kring 8200 år sidan. Det store havdjupa gjer òg utbygginga komplisert og krev utvikling av ny teknologi. Gassen vil verta førd i land gjennom to fleirfaserøyrleidningar til Nyhamna på øya Gossa i Aukra kommune i Møre og Romsdal fylke.
Gassen skal prosesserast før eksport gjennom ein 1200 kilometer lang transportrøyrledning til Easington sør-aust for Leeds i England. Røyrledningssystemet har fått namnet Langeled. Ein venter at feltet, i full produksjon, skal kunna gje Storbritannia 20 prosent av gassen landet treng.
Ein reknar òg med å vinna ut noko naturgasskondensat. Kondensat er gassar i flytande form og inneheld propan, butan, pentan i tillegg til tyngre hydrokarbonar.
Gassfeltet er kalla opp etter kong Olav I Tryggvason sitt langskip, Ormen Lange.
[endre] Medeigarar i Ormen Lange-feltet
- Petoro : 36 %
- Norsk Hydro : 18 %
- Norske Shell: 17 %
- Statoil : 11 %
- DONG: 10 % (kjøpt frå oljeselskapet BP i november 2004
- Exxon Mobil: 7 %
Norsk Hydro er operatør og ansvarleg for planleggings- og utbygginga av Ormen Lange. Shell vil ta over som operatør når normal utvinning tek til etter planen i oktober 2007.
[endre] Kjelder
- Olje- og energidepartementet: Fakta norsk petroleumsverksemd 2006. Nettversjon
- Nettstad om utbyggingsprosjektet Ormen Lange
- Oljedirektoratet om petroleumsressursar i Norskehavet