Royal Dutch Shell
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Royal Dutch/Shell eller Royal Dutch Shell (kalla Shell Oil Company i Sambandsstatane) er eit multinasjonalt oljeselskap. Royal Dutch/Shell-gruppa er eitt av dei fire største oljeselskapa i verda, på line med BP, Exxon Mobil og Total. Selskapet har hovudkontoret sitt i Haag i Nederland.
[endre] Historie
Selskapet vart grunnlagt i 1890 av Jean Kessler, saman med Henri Deterding og Hugo Loudon. Dronning Vilhelmina av Nederland gav selskapet "Royal Dutch" løyve til å leita etter petroleumsressursar.
For betre å kunna konkurrera mot det amerikanske oljeselskapet Standard Oil, fusjonerte Royal Dutch i 1907 med The "Shell" Transport and Trading Company. Shell Transport - selskapet hadde hovudkontor i Storbritannia.
Selskapet utvikla seg til eit multinasjonalt selskap, som marknadsfører seg under varemerket Shell.