Nyre
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nyrene (lat. ren) er organ i kroppen til virveldyr som filtrerer ut avfallsstoff frå blodet slik at dei kan skiljast ut frå kroppen som urin. Menneske har to nyrer som ligg på kvar side av ryggraden, ved bakre bukvegg. Kvar nyre veg rundt 125-150 gram.
Sjølve filtreringa skjer i medulla, nyrepyramidane, som inneheld rundt éin million blodrensande einingar kalla nefronar. Kvart døgn går det rundt 1 200 liter blod gjennom menneskenyrene. Viss nyrene sluttar å verka, vil avfallsstoffa samla seg opp og føra til urinforgifting.
Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over anatomispirer. |