Norges Televisjon AS
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Norges televisjon AS (NTV) er eit fellesføretak, skipa av NRK, TV2 og Telenor for å bygga ut eit digitalt bakkenett for kringkasting av digitalt fjernsyn i Noreg. Det er meininga at det digitale nettet etter kvart skal erstatta det noverande analoge fjernsynsnettet.
[endre] Histori
I juni 1999 la Kulturdepartementet fram ei stortingsmelling om digitalt fjernsyn. I juni 2002 lyste departementet ut ein konsesjon for utbygging og drift av digitalt bakkenett. I 2004 handsama Stortinget saka og vedtok utbygging av eit digitalt bakkenett, samstundes som det vart gjordt vedtak om å stogga dei analoge fjernsynssenningane ein gong mellom 2007 og 2010. I 2005 gorde samferdselsministeren det kjendt at konsesjonen skulle utlysast på nytt. Hausten 2005 skipa NRK, TV2 og Teleno eit fellesføretaket Norges Televisjon AS (NTV), som så søkte om konsesjon. Den 2 june 2006 fekk NTV, som var den einaste søkaren, konsesjon på å utbygging og drift av det digitale bakkenettet. Eit dotterselskap til Telenor, Norkring, har fått oppdraget med å stå for utbygginga av det digitale bekkenettet for fjernsyn. NTV vil så leia nettet frå Norkring.
[endre] Bakgrunnsmateriale
- Heimesida til NTV
- Valmot, O.V., Digitalt bakkenett, 14/5 2005 (Lenka 21/11 2006)