Nes kyrkjeruinar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nes kyrkjeruinar er restane etter ei mellomalderkyrkje i Nes i Akershus. Ho ligg på Vormsund, der elvane Glomma og Vorma møter kvarandre. Kyrkja er vald ut som tusenårsstad for Nes kommune.
[endre] Historie
Kyrkja på Nes blei bygd over ein tidlegare heidensk offerplass på 1100-talet. Ho blei bygd som langkyrkje i romansk stil som ei av tre fylkeskyrkjer på Romerike. I 1567, under sjuårskrigen mot Sverige, blei ho sett i brann. Kyrkja blei bygd opp att og utvida til krosskyrkje i 1697.
Då lynet slo ned i kyrkja i 1854 brann kyrkja ned og blei ikkje reist igjen. Noko av inventaret blei redda og flytta til nye Nes kyrkje. I dag bruker ein kyrkjeruinane til å halda bryllaup, gudstenestar og konsertar.