Vorma
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- For elva Vorma i Vormedalen i Hjelmeland kommune sjå Vorma i Vormedalen
Vorma er ei elv som frakter vatn frå Mjøsa til Glomma. Ho renn ut frå Mjøsa ved Minnesund og ut i Glomma om lag 30 kilometer lenger nede, ved Årnes. Elva går gjennom Eidsvoll og Nes kommune
Der Vorma renn saman med Glomma ligg den ti meter høge Funnefossen. I Vorma, sør for Eidsvoll, ligg Svanfossen, der vannstanden i Mjøsa blir regulert. Svanfoss sluse på 60 gonger 6 meter rundt Svanfossen blei opna i 1906.
[endre] Historie
Elva skal ha fått namnet sitt fordi ho er "varm", i og med at vatnet frå Mjøsa sjeldan frys medan fjellvatnet i Glomma og Gudbrandsdalslågen ofte gjer det.
Eidsvoll mellom Minnesund og Vorma er lett å koma til med båt, og var ein viktig tingstad i norrøn tid. Her blei mellom anna Eidsivating halde.
I 1795 sperra eit skred ved Disen elva i 111 dagar slik at folk kunne gå tørskodd over. For å hindra flaum måtte ein grava ein kanal rundt rasmassen.