Moltke Moe
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Moltke Ingebret Moe (født 1859, død 1913) var den fyrste professoren i folkloristikk i Norden. Han vart fødd i Krødsherad, som son av Jørgen Moe. Han var mannen som rekonstruerte det som i dag er den mest kjente versjonen av draumkvedet. I 1886 vart han professor i "norsk Folkesprog og norsk Folketradition" ved Universitetet i Kristiania. Han arbeidde for ei tilnærming mellom riksmål og landsmål, og var ein av personane bak rettskrivinga av 1907.
[endre] Nokre utgjevingar
- «Retskrivning og folkedannelse» (1900)
- «Norsk og dansk sprogdrakt» (1906)
- artikkelen «Nationalitet og kultur» (Samtiden 1909).