Megawatt
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Megawatt med symbol MW er ein SI-avleidd eining for å måle kraft som svarar til ein million (106) watt.
Produksjonskapasiteten til dei elektriske generatorane til elektrisitetsverka vert ofte målt i MW. Det høgaste straumforbruket som nokon gong er målt på éin time i Noreg, er 23 054 MW, registrert måndag 5. februar 2001 mellom klokka 9 og klokka 10.
Få ting kan motstå overføring eller forbruk av energi i slike mengder; døme på slike hendingar og motstandsføre ting er lyn, krigsskip som hangarskip og ubåtar, byggjereiskapar, og noko vitskapleg verkty (til dømes høgenergi partikkelakseleratorar og store laserar).
[endre] Samanlikningar
- Det trengst omlag 10 000 100-watts lyspærer eller 2 000 datamaskinar for å bruke ein megawatt.
- 1 MW tilsvarar ca. 1341 hestekrefter.
[endre] Historie
I fylgje Oxford English Dictionary (OED), finst den fyrste skrivne tilvisinga til megawatt i Webster's International Dictionary of English Language frå 1900 . Vidare seier OED at megawatt vart nytta i ein artikkel i 28. november 1947-utgåva av Science.