Magnus Moan
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Magnus Hovdal Moan (fødd 26. august 1983) er ein norsk kombinertløpar som representerer Byåsen IL. Pr 18. desember 2005 har han tre sigrar i verdscuprenn.
Han deltok med suksess i VM 2005 i Oberstdorf. Han gjekk for det norske laget som vann lagkonkurransen, fekk sølv i sprintkonkurransen og kom på fjerdeplass i det klassiske rennet (hopprenn + 15 kilometer).
Under OL 2006 i Torino tok han sølv på sprinten og bronse på normaldistansen etter å ha slått Petter Tande i eit spennande spurtoppgjer som vart avgjort på målfoto.