Magne Rommetveit
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Magne Rommetveit (f. 27. april 1956) er ordførar i Stord kommune. Det har han vore sidan 1991, og representerer Arbeidarpartiet. Rommetveit er oppvaksen i Time kommune. Difor snakkar han jærdialekt. Faren arbeidde på Bryne som lærar. Bror hans er Geir Rommetveit, nyhendereporter i Program Riks ved NRK Hordaland.
Magne Rommetveit er leiar for Kommunenes Sentralforbund i Hordaland. Han er òg styremedlem i Samarbeidsrådet for Sunnhordland og Sunnhordland bru- og tunnelselskap.
I august 2006 kunngjorde Rommetveit at han ikkje vil ta attval ved kommunevalet i 2007.