Lyse kloster
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lyse kloster ligg 27 km sør for Bergen på garden Lysekloster inst i Lysefjorden i Os kommune i Hordaland fylke. Klosteret vart skipa i 1146 av munkar frå Fountains Abbey i England og var i funksjon fram til 1536.
Ruinane etter klosteranlegget kan gje ei oppfatting av korleis kyrkja og to av fløyane har vore utforma. Kyrkja er einskipa med to sidekapell på kvar side av koret. Innvendige mål i kyrkja er om lag 40×90 m. Ho har hatt flere portalar som fortel om dei ulike funksjonane til klosteret. Ein portal leier frå skipet ut i det fri i vest. Ein andre portal gjekk ut til klostergangen. Ein tredje portal kan ha hatt samband til vestfløyen der lekbrørne hadde tilhald. Ein fjerde portal gjekk frå koret til kyrkjegarden via nordre kapell. Ein femte portal førde til kapellet i sør og vidare opp nattrappa til munkane sin sovesal i overetasjen på austfløyen.
Etter det tradisjonelle mønsteret låg kapittelsalen i austfløyen, nærast kyrkja. To portalar frå korsgangen førde inn i det rikt utforma romet. Rommet var den gongen overhvelva. Vidare kom det smale parlatoriet, før passasjen ut frå klostergarden til det som fanst av bygg utanfor sjølve anlegget. Frå gangen var det tilgjenge til det store romet på enden av austfløyen. Romet kan ha vore dagromet, arbeidsromet til munkane.
Sørfløyen er ikkje så enkel å tolka fordi restar etter fleire ombyghingar finst. Det kan vera ei rimeleg forklaring at det nærast dagromet låg ei trapp som gjekk opp til overetasjen, og at klosteret sitt fengsel var plassert under trappa. Deretter kom det store refektoriet, og kjøkkenet. På den andre sida av kjøkkenet låg vanlegvis lekbrørne sin matsal, men her er det ikkje sikre spor.
Korleis ein vestfløy kan ha sett ut veit ein ikkje.
Klostergarden er nesten 20 m i kvadrat. Han har vore omgjeve av ei rik arkaderekke med rundbogeopningar og dobbeltstilte søyler som står på ein låg mur. Muren stammar frå siste halvdel av 1100-talet. Både den generelle utforminga og funksjonen til roma ser ut til å fylgja det tradisjonelle mønsteret for eit cistercienserkloster. Dette gjeld òg ikonografien i kapitela som finst.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Panorama over Lysekloster
- http://www.sognafoto.no/bilde.asp?key=2100
- http://home.online.no/~aarvoll/lyse_kloster.htm
- NRK-program om Lyse kloster
[endre] Litteratur
- Årboka til Foreningen til Norske Fortidsminnesmerkers Bevaring (1987)