Liv Ullmann
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Liv Johanne Ullmann, (født 16. desember 1938), norsk skodespelar, forfattar og filmregissør.
Innhaldsliste |
[endre] Karriere
Ullmann dbuterte som skodespelar på Rogaland Teater i 1957, som Anne Frank. Ho slo gjennom i 1966 med filmen Persona, som var regissert av Ingmar Bergman. Tilhøvet til Bergman utvikla seg både profesjonelt og personleg. Ho hadde leiande rollar i ni av filmane hans, og dei fekk ei dotter saman, forfattaren Linn Ullmann. I 1992 debuterte ho som regissør med filmen Sofie.
[endre] Livsskildring
Far til Liv Ullmann var flyteknikar, og familien flytte mykje rundt i verda. Ho vart fødd i Tokyo og budde sidan i Canada, New York, Oslo og Trondheim. Ho bur nå i New York.
Ho var gift med Hans Jakob Stang frå 1960 til 1965, og vart gift med Donald Saunders i 1985.
[endre] Verkliste
[endre] Som manusforfattar
- Kristin Lavransdatter (basert på romanen av Sigrid Undset)
- Et dukkehjem (basert på stykket av Henrik Ibsen)
[endre] Som regissør
- 1992 - Sofie
- 1995 - Kristin Lavransdatter
- 1995 - Lumière et compagnie
- 1998 - Enskilda samtal
- 2000 - Trolösa
[endre] Som skodespelar
- 1957 - Fjols til fjells
- 1959 - Ung Flukt
- 1962 - Tonny
- 1966 - Persona
- 1968 - Skammen
- 1969 - An-Magritt
- 1971 - Utvandrerne
-
- - Et dukkehjem (Radioteater
- 1972 - Nybyggerne
- 1973 - Scener fra et ekteskap
- 1977 - A Bridge Too Far
- 1978 - Høstsonaten
- 1994 - Drømspel
- 1994 - Zorn
- 2003 - Sarabande