Laonastes aenigmamus
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Laonastes aenigmamus, laotisk «kha-nyou», er eit nyklassifisert (2004) dyr av gnagarordenen som viser seg å høyre til ein nyoppdaga familie av gnagarar. Dette dyret, som i Laos er kjent under namnet «kha-nyou», har ein ca 30 cm lang og lett langstrakt kropp, stutte bein, små og runde øyro, eit noko fyldig snuteparti med lange værhår og ein kring 15 cm lang, noko lodden men ikkje buskut hale. Dyret, som lever i skogar og kalksteinsknausar i Laos, blir seld på laotiske marknader for bruk til mat for menneske. Sentrale namn i forskinga på denne gnagaren og klassifiseringa av honom som tilhøyrande ein nyoppdaga familie er Robert J. Timmins, dr. Mark F. Robinson, dr. Paulina D. Jenkins og dr. C. William Kilpatrick.
[endre] Eksterne lenkjer
- Systematics and Biodiversity Paulina D Jenkins C William Kilpatrick, Mark F Robinson and Robert J Timmins, Morphological and molecular investigations of a new family, genus and species of rodent (Mammalia: Rodentia: Hystricognatha) from Lao PDR, Volume 2, Issue 4 - December 2004
- 'Oddball Rodent' Found (in Plain View) Is Called New to Science
- Globe and Mail: New family of rodent found