Kurt Aust
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kurt Aust (fødd 6. desember 1955 i Ikast, Danmark) er forfattar og frilansskribent. Verkeleg namn er Kurt Østergaard. Han er utdanna pedagog, og har vore busett i Noreg frå 1982. Aust debuterte som forfattar i 1999.
Aust skriv historisk krim frå Danmark-Norge kring byrjinga av 1700-talet. Hovudpersonar er professor Thomas af Boueberg ved Københavns Universitet og hans dr. Watson, den mindre geniale nordmannen Petter Hortten.
[endre] Verkliste
- Slaveskipet Fredensborg – teikneserie (1997) (Saman med Kin Wessel og Leif Salvesen)
- Vredens dag – kriminalroman (1999)
- Den tredje sannhet – kriminalroman (2001)
- Hjemsøkt – kriminalroman (2003)
- Kongefrykt – kriminalroman (2004)
- De usynlige brødre – kriminalroman (2006)
[endre] Prisar
- Aschehougs debutantstipend 1999, for Vredens dag
- Rivertonprisen 2003, for Hjemsøkt
- Glassnøkkelen 2004, for Hjemsøkt