Krykkje
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Krykkje |
||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Systematikk | ||||||||||||||
|
Krykkje (Rissa tridactyla) er i måsefamilien. Krykkje vert ogso kalla for tretåmåse. Arten er jaktbar.
Innhaldsliste |
[endre] Kjenneteikn
Dei vaksne fuglane har grå overside, medan resten av kroppen er kvit. Beina er svarte, med symjeføter, men vantar baktå. Dei har svarte vengjespissar. Kjønna er like. Ungfugl har ei gråspragla fjørdrakt, men dei karakteristiske svarte vingespissane er der. Krykkja er omlag jamnstor med fiskemåsen, 350 gram og 40 cm lang.
[endre] Utbreiing
Krykkja finst frå Rogaland og nord til grensa mot Russland. Ho er knytta til sjøen og er eit sjeldan syn i innlandet.
[endre] Atferd
Fuglen hekkar i koloniar i bratte fjellveggar (fuglefjell), ofte saman med alker og anna sjøfugl. Utanfor hekketida held krykkja seg berre til havs, der ho livnærer seg på små marine dyr og fisk.