Koala
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Koala |
||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Systematikk | ||||||||||||
|
||||||||||||
Vitskapleg namn | ||||||||||||
Phascolarctos cinereus Goldfuss, 1817 |
Koala (Phascolarctus cinereus) er namnet på eit slag bjørneaktige, planteetande pungdyr som lever i tre. Dei er den einaste arten i familien Phascolarctidæ. Dyra et nesten berre eukalyptusblad, som gjev dei all det vatnet og næringa dei treng. Koalaen er òg kjend for å sova mykje, opptil 18 timar kvart døgn.
[endre] Skildring
Koalaer har tett grå pels med kvitleg underside og store hovud med ein lett kjenneleg, stor, svart snute. Ytste tåa på bakfoten er kort og sit på det andre leddet, medan dei to neste er nær samanvaksne, men med skilde klær. På framfoten står første og andre tåa mot dei andre, slik at dyret lett kan gripa og klatra.
Vekta varierer mellom 5 og 14 kg og lengden mellom 60 0g 85 cm.
[endre] Levesett
Koalaen er bare aktiv nokre timar om natta.
Dyra lever åleine og lagar få lydar, men under paringstida kan hannen laga ein nasal lyd som ein kan høyra opp mot ein kilometer vekke.
[endre] Trugsmål
Jakt, hovudsakleg for pels, førte til at koalaen nesten var utrydda ved byrjinga av 1900-talet. Dyra forsvann heilt frå South Australia, men er blitt gjeninnførte, og finst no langs heile austkysten av Australia frå nær Adelaide til byrjinga av Cape York-halvøya og innover så langt der veks skog.